Sæbø var det beste laget i si avdeling i 6. divisjon i fjor, men krinsmeisterskapen rauk over to kampar mot Lepsøy. Trenar Mats Riise er nøgd med oppkøyringa til årets sesong, og Sæbø har til gode å tape i treningskampane.

– Vi har vore dyktige og det har vore litt flaks. Som normalt har det vore litt ymse med folk på trening i vinter, men etter kvart som det har blitt finare fotballvêr har treningsoppmøtet blitt betre, seier Riise.

Sæbø skal møte Stranda i den siste treningskampen før det er seriestart heime mot Moltustranda 19. april.

– Vi er rusta og klare til seriestart. Tre målvakter og tjue utespelarar har vore i aksjon i treningskampane. Vi har ein brei og fin stall, og vi bør tole dei fråfalla vi veit kjem i løpet av sesongen.

Sæbø har ikkje mista sentrale spelarar frå sesongen i fjor. Henrik Mo vil kome tilbake i stallen når han er ferdig i militæret, og Kristian Lillebø er tilbake i klubben.

– Med Kristian har vi ekstra dekning på målvaktsplass , og vonleg slepp vi å bruke utespelarar i mål denne sesongen. Lars Fjærvold signerte for oss i fjor, men vart langtidsskadd. Saman med Thomas Christiansen Hansen styrkar dei forsvaret vårt. I tillegg så er unggutane som fekk sjansen i fjor med oss vidare, seier Riise.

Sesongen i 6. divisjon i fjor vart kort for Sæbø. Fleire lag trekte seg og dermed vart det få kampar, og ofte lang tid mellom kampane. I år er det elleve lag i avdeling 2, og det blir totalt tjue kampar for dei lokale laga.

– 6. divisjon i år er endå betre enn i fjor, og det blir ein mykje kjekkare divisjon. For oss blir det fleire kampar og lokaloppgjer, og vi gler oss som pokker. Som lag vart det litt kjedeleg for oss i fjor. Totalt spelte vi berre tolv seriekampar og det er altfor lite.

Med ein styrka stall frå i fjor, og mykje rutine i laget, er Sæbø ein av favorittane til å sikre seg opprykk frå 6. divisjon denne sesongen.

– Vi skal vinne alt. Vi skal vinne serien og vi har lyst til å bli krinsmeister. Det var surt å ikkje få det til i fjor. For å få det til i år inneber det å slå både Vartdal og Åmdal, og det er med på å gje oss motivasjon.