Bakspelaren får Åmdalen hadde sjølv eit ynskje om å halde fram i eliteserieklubben på Hamar, og partane er no samde om ei toårskontrakt.

– Ynsket mitt var å vere her. Eg har to år att på skule og då passa det veldig bra med ei toårskontrakt.

Storhamar enda på 5.-plass i eliteserien i år og er klar for sluttspel. I kvartfinalen er Glassverket motstandar og første kamp er 19. april.

– Det blir tøffe kampar, men vi har sjansar til å ta oss vidare. Glassverket har slite økonomisk, og klubben er prega av det. Vi er veldig klare, og trenar godt og hardt. Det er ein plass i Champions League som står på spel, seier Aambakk.

Sesongen er ikkje over for Aambakk sin del endå. Etter ei lengre skadeperiode var bakspelaren klar til aksjon ved seriestart i år.

– Eg kom godt i gang då eg kom tilbake frå skaden. Så gjekk det trått nokre månader, men eg har avslutta bra. Eg kan ikkje forvente meir då har var skadd så lenge. Eg skal jobbe med å bli meir stabil, og kline til når eg får sjansen.

Storhamar har starta førebuingane til komande sesong. Heidi Løke, Anne Kjersti Suvdal, målvakt Alma Hasanic Grizovic og den polske bakspelaren Aleksandra Zimny er klare for Storhamar.

– Klubben satsar hardt. Vi får inn gode spelarar og har gode spelarar frå før av. Klarer vi å sette eit bra lag vil vi kjempe om medalje neste år.

Men første ventar årets sluttspel. Første kamp mot Glassverket er på heimebane. Returoppgjeret vert spelt 23. april. I seriespelet vart det firemålstap for Storhamar på heimebane mot Glassverket, og på bortebane med det eit knipe eittmålstap.