Vartdal 2017: Bak f.v. Thomas Vartdal, Jostein Bjørlykhaug, Jarl Vinjevoll, Sindre Løfoll, Kristoffer Fiksdal, Arthur Vartdal Midtgaard, Petter Ove Sætre, Håvard Overå Sætre, Henning Tilseth. Framme f.v. Mats Winjevoll, Eivind Vartdal, Fredrik Roth, Isak Vartdal Juliebø, Morten Grønnevet Sætre og Steffen Roth. Allan og Aron Kjærbech, Terje Brandal, Martin Roth, Christian Aasen Kristoffersen, Remy Boska Husevåg og Aleksander Woldsund var ikkje tilstades.
(Foto: Joachim Åsebø)

Vartdal 2017: Bak f.v. Thomas Vartdal, Jostein Bjørlykhaug, Jarl Vinjevoll, Sindre Løfoll, Kristoffer Fiksdal, Arthur Vartdal Midtgaard, Petter Ove Sætre, Håvard Overå Sætre, Henning Tilseth. Framme f.v. Mats Winjevoll, Eivind Vartdal, Fredrik Roth, Isak Vartdal Juliebø, Morten Grønnevet Sætre og Steffen Roth. Allan og Aron Kjærbech, Terje Brandal, Martin Roth, Christian Aasen Kristoffersen, Remy Boska Husevåg og Aleksander Woldsund var ikkje tilstades. Foto: Joachim Åsebø

Positiv sesongoppkøyring for Vartdal

– Skal vere gode i år

Vartdal rykka ned frå 5. divisjon i år. I år skal laget finne tilbake til spelegleda, vere gode og vinne fotballkampar.

– Sesongoppkøyringa har vore veldig positiv. Resultata i treningskampane har ikkje vore optimale, men vi har stort sett tapt med eitt mål. Spelarane møter påskrudde på trening, og det er mykje som vi kan byggje vidare på. No må prøve å få det inn i kampane, og vinne fotballkampar, seier Vartdal-trenar Kristoffer Fiksdal som gjev mykje skryt til spelargruppa.

Vartdal har spelt treningskampar mot m.a. dei lokale laga i oppkøyringa. 19. april er Bergsøy 2 motstandar på bortebane.

– Vi har vore jamgode med Åmdal og Sæbø. Dei slår vi på gode dagar, men vi må ha litt flyt. Bergsøy 2 og Hareid 2 er motstandarar i dei to første kampane våre, og du veit aldri kva dei stiller med. Vi har von om å vere like god eller betre enn øylaga i divisjonen, og på trening skal vi ha god kvalitet på det vi held på med.

Stammen i Vartdal-stallen er med vidare frå sesongen i fjor. Sindre Løfoll og Mats Winjevoll er på plass før årets sesong, i tillegg kan ein spelar til bli klar før sesongstart. Mange unge har og fått prøvd seg i treningskampane.

– Eg har trua på dei unge, men dei er avhengig av at dei eldre og rutinerte viser veg, seier Fiksdal.

Den nye Vartdal-trenaren understrekar at Vartdal er ein miljøklubb.

– Her er ein fin miks av unge og etablerte spelarar, og miljøet er i den gode gamle Vartdal-anda. Eg er trygg på at dei nye spelarane vil skrive under på det. Her er det kjekke kara som bryr seg om kvarandre, dei kjem smilande på trening og kamp og dei går smilande . Alle bidreg her.

Resultatmål har ikkje Vartdal sett seg før årets sesong.

– Det kan hende at vi justerer oss litt inn før sesongstart, men vi skal enkelt og greitt få tilbake spelegleda, vere gode og vinne fotballkampar. Konkrete resultat har vi ikkje prata om, og vi tek ein kamp om gongen.

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Hørselssentralen på plass med kontor på Volda sjukehus

– Dette er ein merkedag, sa leiar i Hørselsforeininga i Ørsta og Volda, Bjarne Øye, då han torsdag var med på å opne Hørselssentralen sitt kontor ved Volda sjukehus.

Oddvar var med på å berge kyrkja

- Eg trur denne brannen kunne vorte stor.

Ørsta kyrkje:

Ein person pågripen etter brann

Skadar på inngangspartiet og røykskadar inne i kyrkja.

Leika seg gjennom bronsealderen

– Det er mykje leik og moro her i dag, men for dei som levde i bronsealderen var nok livet ein god del hardare.

Statens vegvesen med klar melding:

– Ørstafjorden må vente på Vartdalsfjorden

– Dersom de insisterer på at Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga skal kome i den same pakken, risikerer de å utsette begge prosjekta på ubestemt tid.