Måndag denne veke reiste Torstein Mo Vatne til Austerrike saman andre norske snowboardtalent for å måle krefter mot dei beste juniorane i verda i World Rookie Tour Finals. Mo Vatne, som no går på snowboardlina ved NTG Geilo, skal delta i slopestyle, og kvalifiseringa startar torsdag denne veka.

– No handlar det om å gjere seg kjent med bakkane her i Kaprun og førebu seg til kvalifiseringa torsdag. Eg skal gje full gass, og målet er å kvalifisere seg. Det er ikkje lett og nivået er høgt, seier Mo Vatne.

Medan dei beste snowboardjuniorane i verda er samla i Austerrike denne veka, var noregseliten samla til NM på Hovden i helga. Mo Vatne deltok både i slopestyle og big air, men det gjekk ikkje heilt vegen denne gongen.

– I forsøket til slopestyle var eg uheldig og tryna på det første hoppet.

Med hjenrystelse var konkurransen over. Seinare i NM deltok Mo Vatne i big air, men reserverte seg litt grunna det som skjedde i slopestyleløypa.

– Eg følte at eg måtte ta det litt med ro, og eg var redd for å dra på skikkeleg. Dermed vart ikkje NM heilt slik som eg hadde tenkt på førehand. Det var dumt at eg tryna, og det øydela det meste.

Sjølv om Mo Vatne ikkje gav alt i big air-konkurransen vart det likevel ein 8. plass blant juniorane.