Ørsta IL friidrett stilte med 16 utøvarar på Bamseleikane på Stange i Hedmark. Ekstra stas var det at vi stilte med tre stafettlag. I tillegg til sølvlaget var det to lag i klassen J10-12.

33 nye personlege rekordar

Totalt sette ørstingane 33 nye personlege rekordar innandørs over to stemnedagar. Alle sette pers i ei eller fleire øvingar. Det vart to pallplasseringar til Ørsta; stafettlaget i J15-16 og Elias Hovden Nilsen for sitt første hopp over 5 meter.

Det var mange som imponerte. Ei av dei som fekk oppleve å springe først over målstreken var Elise Aarflot (J11). Ho suste inn først i sitt heat med tida 10,10 sek og ny pers på 60 meter.

Friidrettsgruppa i Ørsta er i vekst, spesielt i aldersgruppa 13 år og eldre. Det er lenge sidan vi har hatt med så mange som seks utøvarar i alderen 15-16 år på Bamseleikane. Fleire av dei kvalifiserte seg til finale.

Sigrid Vartdal (J16) imponerte igjen og tok sjetteplassar både på 60 m (8,42 sek) og 200 m (27,37 sek) med resultat over 900 poeng.

Bamseleikane er eit av dei største innandørsstemna i landet. Det vart arrangert for 21. gang i Stangehallen. Deltakarane var i stor grad frå austlandet, men fleire klubbar frå Sunnmøre som Dimna IL, Fiskå IL og Stranda IL var med og gjorde det skarpt på stemnet.

Olve Øyehaug

Stafettlaga i klassen J10-12 godt omslutta av bamsar: F.v: Sofie Olafsen Brattli, Elise Aarflot, Maria Mjelva Straume, Thea Nilsen, Mari Øyehaug, Hannah Olafsen Brattli, Nora Vartdal og Marie Helle Saanum.