– Det er ein utruleg fin gjeng, og eg er umåteleg stolt over det dei har fått til, helsa leiar for Ørsta IL Handball, Tom Slenes, då Ørsta J12 skulle spele sin siste seriekamp mot Langevåg i Ørstahallen laurdag.

Siger i siste kam

Det var avgjort før kampen vart blåst i gang. Uansett utfall var Ørsta sitt jentelag seriemeistrar, som einaste Ørstalaget i år. Jentene låg ikkje på latsida av den grunn, og gjekk sigrande ut av kampen, som enda 14-10 i Ørsta sin favør. Dermed står Ørsta J12 med berre fire tap på 20 kampar denne sesongen. Det har sikra dei 32 poeng og topplassering, med god margin ned til neste lag, som for augneblinken er Blindheim, som står med 18 kampar og 24 poeng.

– Det er ein utruleg flott gjeng, og eit stabilt lag. Dei fleste har vore med i fleire år allereie. Vi har fokus på laget, og ikkje berre på enkeltspelarar. Vi ønskjer at alle skal opp og fram slik at dei får utvikle seg. Å satse på berre ein eller to løner seg sjeldan i lengda, seier trenar Inger Helen Lystad, som er umåteleg stolt over prestasjonen til jentene denne sesongen.

Sosialt

– Det er kjempesosialt å spele handball, og alle er like viktige. Alle har si rolle på laget, fortel Ingvild Bratteberg og Iben Kristin Moe.

Dei trur oppskrifta på suksessen ligg i at dei spelar kvarandre gode.

– Vi har ingen som slit ut benken. Vi er veldig sosiale og samansveisa, og kjenner kvarandre godt. Dessutan trenar vi sjølvsagt ein del, fortel dei.

Spelarane kjem frå ulike skular. Både Vikemarka, Velle og Hovden er representert på laget. No skal dei avslutte sesongen med Nordfjord-cup i april, som ein liten bonus. Elles er dei også lova både ein og to og tre premiar for innsatsen dei har lagt ned denne sesongen.

– Vi håper og trur at dei gode resultata i år gir jentene meirsmak, slik at vi får dei med oss vidare i neste sesong. Nye spelarar er også sjølvsagt velkomne. I år fekk vi ei ny, og å verte ein del av denne gjengen er inga sak, seier trenar Lystad.

Også Sæbø/Åmdal sitt jentelag som høyrer til under Sæbø IL gjer det godt, og kjempar om topplassering i si avdeling, men her er det framleis nokre kampar att for sesongen.