Adrian debuterte i helga i Hovedlandsrennet-samanheng. Tiendeklassingen var den einaste frå Søre Sunnmøre som var i aksjon i det uoffisielle noregsmeisterskapet for 15- og 16-åringar på Tolga i Nord-Østerdal. Det var med sine nesten 1.000 deltakarar eit kjempearrangement. Adrian hadde flust med konkurrentar ettersom det var nesten 300 startande i hans klasse. Ulsteinvik-guten, som i mange sesongar har konkurrert for Hovdebygda, måtte innrømme at det var litt spesielt å delta i eit renn med så mange løparar.

– Det er utruleg kjekt å ha så mange konkurrentar. Det er som kjent forholdsvis få i min klasse på kretsrennene. Det har eigentleg blitt færre og færre, sa Adrian som vart anbefalt å melde seg inn i Hovdebygda av eldre sambygdingar. Det var nokre 1998-modellar frå Ulsteinvik som trente jamleg med klubben for nokre år sidan. De oppfordra Adrian til å bli med. Sidan har han vore ein del av det gode og inkluderande miljøet. Rekrutteringa i Hovdebygda har vore nede i ein bølgedal. Nå er den derimot på full fart oppover igjen.

Best på distanse

Klubben har fleire eldsjeler som står på og legger forholda til rette for de som har lyst til å satse. Hans Olav Sætre er hovudtrenar for Fløtre som har lyst til å teste ut kor langt det er mogeleg å komme. Guttorm og Bjørnar Øye har også vore viktige støttespelarar på trenarsida. Sistnemnde har trass i sin forholdsvis unge alder opparbeidt seg ganske mykje erfaring. Han har vore trenar i Oslo og har bakgrunn frå skigymnaset i Meråker som har fått fram fleire av de som markerte seg under verdsmeisterskapet i Lahti i førre veke.

Flote har i vinter vore ein av de aller beste på sitt alderstrinn i Møre og Romsdal. Adrian som går det siste året på ungdomsskolen har gjort det bra i de aller fleste renna han har stilt opp i. Det var derfor ein forventningsfull unggut som sette kursen for Hovedlandsennet som har status som uoffisielt noregsmeisterskap for desse årsklasse. Det lokale innslaget var mest fornøgd med det han presterte i distanserennet i skøyting kor det vart 102.-plass. Flote hadde nesten to tredjedelar av deltakarane bak seg på den distansen.

God stafettetappe

– Eg er ingen stor sprintar og visste at det ville bli vanskeleg å hevde seg på den distansen. Søndagens stafettetappe er eg veldig tilfreds med. Det var kanskje det beste løpet mitt, sa Adrian etter at han hadde gitt sitt bidrag til at det vart ein flott 18.-plass på Møre og Romsdal i gutestafetten kor det var over 140 kretslag som stilte til start.

Flote tek no sikte på å få til ein god avslutning på sesongen. Lysten til å satse på langrenn har ikkje akkurat blitt mindre av at han har fått moglegheita til å bryne seg på de beste i landet i tre dagar.

Svein Halvor Moe