UM innandørs er Norgesmeisterskap i friidrett for ungdom i alderen 15–22 år.

Hanna Hoggen Gjærset (J15) har hatt stor framgang i sprint sidan ho starta med friidrett i fjor. Ho sprang 200 meter på 28,09 sek og 60 meter på 8,47 sek. Begge resultata er solide personlege rekordar. På 60 meter kvalifiserte ho seg til semifinale.

Elias Hovden Nilsen (G16) tok 6.-plass i høgde med 1,65 meter og tangerte personleg rekord. Han tok 8.-plass i kule med 10,54 meter. Dette er ny personleg rekord innandørs. Begge resultata er klubbrekordar innandørs.

Åse Øyehaug (J16) har god framgang på hekk. Ho tok pers og klubbrekord på 60 meter hekk med 10,09 sek. Ho fekk ikkje full klaff på lengde, men hoppa likevel gode 4,47 meter der.

Sprinttalentet Sigrid Vartdal (J16) sprang 200 meter på 27,66 sek. Dette er innandørspers for Sigrid.

Storsprintaren Hanna Marie Skjeret var dessverre skada og måtte nøye seg med å vere heiagjeng under stemnet.

Alle utøvarane viser god framgang, så dette lovar godt for årets utandørssesong. Alle fire er no kvalifiserte til utandørs UM i Bergen til hausten.

Det var gode prestasjonar frå klubbane på Sunnmøre. Fiskå IL, Dimna IL og Ålesund FIK hausta mange medaljar. Det vart rundt 700 deltakarar på UM som vart arrangert av IL Tyrving.

Olve Øyehaug