Dei dårlege snøforholda lokalt har gjort at alpinistane frå Ørsta fleire gongar denne sesongen har reist til Jølster for å få konkurrert. Førre søndag var det på ny konkurranse, denne gongen to renn i storslalåm. Ørstingane beit godt frå seg og fekk alle gode resultat.

Dei fem løparane til Ørsta fekk denne helga totalt 8 pallplassar. Ariana Rebbestad i klasse jenter 12 år vann begge renna denne helga med god køyring. Ariana er treningsvillig og har gjort store framsteg denne sesongen. I klasse jenter 14 år må ein kunne seie at sunnmøringane gjorde reint bord. Anny Våge Molvær og Mathea Stranden vann kvar sine renn. Ingvild Fauske Dalen, Stranda, fekk to andreplassar, Oda Brenne og Mathea Stranden fekk og kvar sin 3.-plass. I guteklassa 14 år er Bendik Åmbakk skikkeleg i siget for tida og fekk ein klar fyrsteplass i det fyrste rennet. I renn to gjorde Bendik ein stor feil, men greidde trass i dette ein 3.-plass.

Søndag skulle Ørsta Alpin ha arrangert Bjønnameisterskapen, KM i slalåm, på heimebane. Dette rennet blir no arrangert på Stranda i samarbeid med Stranda Alpin. For dei yngre alpinistane vil vi starte opp med Opel-cup så fort der er forhold på Bondalseidet- vi håpar og trur det blir snart!

ref Ørsta Alpin

Ørsta alpin - synfaring