Torremolinos ligg like ved Malaga kan by på flotte treningsforhold og fint vêr. Treningsleiren varte frå 14. til 24. februar og vart ei fin opplading til UM som vert arrangert i Bærum første helga i mars.

Frå Ørsta IL friidrett deltok Sigrid Vartdal, Elias Hovden Nilsen, Hannah Marie Skjeret, Hanna Hoggen Gjærset, Amalie Tomasgåard og Andrine Hjellen Haugland.

Det vart tid til mykje trening under treningsleiren. To økter for dag var det lagt opp til. Her vart det tid til mykje teknikktrening, men også ein del basistrening som er viktig på denne tida av året.

Totalt var det 50 utøvarar med på treningsleiren som har blitt ein tradisjon for kretsen å arrangere. Innsatsen og utbyttet av treninga har vore god, noko som lovar godt for avslutninga av innandørssesongen og ikkje minst ein god start på oppkøyringa til utandørssesongen.