I klasse «Aspirant», som no heiter «Nybyrjar Ung», stilte 11 skyttarar på stemnet i Volda, 37 skyttarar i Ørsta og 27 konkurrerte på Vartdal. Denne klassa vert ikkje rangert med plassiffer. Desse er i starten på opplæringa, og alle vert premierte.

Mange skulle få med seg alt, men det viste seg at mange frå Nordfjord-området, og dei som reiste langt frå distrikta nord for Storfjorden, kom i beit for tid. Og fleire fekk nok med seg berre to stemner. Likevel vart så mange som 309 skytingar gjennomført til saman.

Av dei lokale skyttarane var det Anita Lystad, H/Ø, som gjorde det best. Stemnevinnar på Vartdal, 5.-plass i Volda, og 3.-plass i Ørsta.

At mange av dei lokale toppane ikkje nådde opp denne gongen skuldast mykje at dei vart opptekne med arrangementa.

REF: Ivar Arne

Utdrag av resultatlistene:

Volda

Stemnevinnar: Trine Ramsvik Stette, Engesetdal/Skodje 245, 5. Anita Lystad, H/Ø 242, 7. Torill Lystad, H/Ø 241, 11. Runar Driveklepp, Volda 238

Eldre Rekrutt: 1. Martine Sve, Stranda 250, 4. Andreas Humberset, Hj.bygda 244, 5. Odd Helge Moldsvor, H/Ø 241, 6. Ask Aarsæther, H/Ø 241, 7. Matias Lerberg, Volda 240, 8. Natalie Osdal, Volda 240

Ørsta

Stemnevinnar: Trine Ramsvik Stette, E/S 347, 3. Anita Lystad, H/Ø 344, 11. Rune Driveklepp, Volda 337, 12. Per Ulvestad, H/Ø 336, 15. Trond P. Lystad, H/Ø 333, 19. Asbjørn Myklebust, H/Ø 331, 21. Torill Lystad, H/Ø 331

Klasse Eldre Rekrutt: 2. Elling Sætre Lillebø, VD 345, 5. Peter Bjørndal, VD 342, 7. Jacob B. Willumsen, VD 340, 9. Andreas Humberset, Volda 338, 12. Ask Aarsæther, H/Ø 326

Klasse Junior: 8. Robin Varpen Eikrem, Volda 331, 9. Rakel H. Bjørndal. VD 331, 11. Odin Velle Ulvestad, H/Ø 322

Klasse 2: 2. Håvard Bjørndal, VD 344

Veteran 73: 5. Roar Sætre, VD 339, 8. Reidar Øye, H/Ø 335

Veteran 65: 2. Knut Riise, H/Ø 346, 7. Svein Johnsen. VD 340

Vartdalstemnet

Stemnevinnar: Anita Lystad, H/Ø 342, 8. Asbjørn Myklebust, H/Ø 338, 10. Trond P. Lystad, H/Ø 337, 14. Torill Lystad, H/Ø 332.

Klasse Eldre Rekrutt: 8. Odin Velle Ulvestad, H/Ø 331, 9. Rakel H. Bjørndal, VD 328, 10. Kristian Svanøy, VD 323.

Veteran 65: 4. Knut Riise, H/Ø 345, 8. Svein Johnsen, VD 334

Klasse 1: 1. Håvard Bjørndal, VD 344

Stemnevinnar: Anita Lystad, Hovdebygda og Ørsta skyttarlag, vart stemnevinnar under Vartdalstemnet i helga.