Komande laurdag vert det halde ei venneturnering i fotball i Kiwi-hallen i Ørsta. Det er A-laget til fotballgruppa i Ørsta IL som arrangerer.

– Dette vert det fjerde året vi held denne turneringa. Turneringa er open for alle. Det er ingen kriterium for kor god ein kan vere, seier Sigurd Aarflot Sundnes og Knut Erik Myklebust.

Dei sit i arrangementssnemnda saman med Tore Orten, Olai Vinjevoll og Frode Følsvik.

Turneringa er open for både dame- og herrelag, og nytt av året er at det også vert opna for ei ungdomsklasse.

– Vi spelar på kunstgraset, og kvart lag kan ha inntil fem spelarar på bana samstundes. Det er høve til å ha med ti spelarar per lag, fortel Sundnes.

Det er ei påmeldingsavgift på tusen kroner per lag. Det er fri inngang, og open kiosk heile dagen. Det vert spelt musikk mellom kampane.

Påmeldingsfristen er i dag, torsdag. Inntektene frå turneringa går til å finansiere treningsleir for A-laget i påskeferien.