Etter ein fyrste halvdel av sesongen med mest berre bortekampar, står no heimekampane i kø for Ørsta sine handballherrar. Og no vil laget klatre.

– Vi har faktisk berre heimekampar att, og til no har vi vunne alle kampane vi har hatt i Ørstahallen, seier ein optimistisk Patricio Medina.

Komande laurdag er det Frøya som gjestar Ørstahallen. Medan Ørsta er nummer sju på tabellen, er Frøya nummer tre.

– Vi går for siger, for på heimebane skal vi vere sterke, seier Medina.

Sist helg vann Ørsta med tre mål mot Charlottenlund som er mellom topplaga. Difor er Medina optimist.

Ørsta skal også spele søndag, mot Strindheim. Gjestene frå Trondheim er nummer åtte på tabellen, altså plassen bak Ørsta.

– Vi skal gjere alt for å få til ei god avslutning på sesongen. Etter at vi er ferdig med desse to kampane i helga, er det tre heimekampar att før sesongen er ferdig, fortel Medina.

Han ynskjer publikum hjarteleg velkomne til Ørstahallen i helga.

– Laget treng all mogleg støtte, seier Medina.