Stafettlaget var samansett av sprinterane Hannah Marie Skjeret, Sigrid Vartdal, Åse Øyehaug og Hanna Hoggen Gjærset. Det er eit ungt lag, og det gode resultatet ga dei inspirasjon til å vere med på fleire stafettar i tida framover.

Ørsta IL friidrett stilte med til saman sju utøvarar på NM. I individuelle øvinar hadde Ørsta med fire utøvarar. Hannah Marie Skjeret deltok på 60 meter laurdag og sette årsbeste der. Andrine Hjellen Haugland deltok i både høgde utan tilløp (7. plass) og lengde utan tilløp (6. plass). Også Elias Hovden Nilsen deltok i både høgde utan tilløp (4. plass) og lengde utan tilløp (6. plass). Elias sette solid pers i begge øvingane. Erik Drange Tønnessen deltok i kulestøyt, og to 4. plass der.

Karsten Warholm

Det var mange gode resultat på stemnet. Ein av dei som imponerte stort var Karstein Warholm. Han sette norsk rekord på 400 meter med tida 45,96. Han har no årsbeste i Europa i den øvinga.

Innandørs-NM i friidrett vart arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen 4.-5. februar.

Ogne ØyehaugØrsta IL