Ørsta handball bestemte seg etter semifinalen mot Kroatia fredag å vise VM-finalen mellom Noreg og Frankrike på storskjerm i Ørstahallen. Handballherrane sin innsats i Frankrike har skapt handballfeber i Noreg dei siste vekene, og det toppa seg då finaleplassen vart sikra mot Kroatia. Etter at dei lokale handballkampane var ferdigspelt søndag vart Ørstahallen rydda og det vart rigga til vising av kampen på storskjerm.

– Vi samla oss rundt 100 personar, både vaksne og unge. Ørsta handball spanderte kaffi, kake og popkorn på dei frammøtte. Det var ein utruleg kjekk dag med masse blide unge som kosa seg saman, heiter det ifrå handballgruppa.

Etter ein god 1. omgang drog Frankrike ifrå i 2. omgang av finalen. Dermed vart det sølv på dei norske handballherrane, men det var på ingen måte noko nederlag verken laget eller dei lokale supporterane i Ørstahallen.