Etter elleve seriekampar var fasiten ni tap og to sigrar for herrelaget til Ørsta handball. Sigrane hadde kome mot Langevåg på bortebane og Molde på heimebane. Av dei elleve kampane har ni vore på bortebane, og Ørsta har fått unnagjort alle dei lange borteturane til laga i trøndelagsfylka. Laurdag var det klart for årets tredje heimekamp og på motsett banehalvdel stod NTNUI Håndball 2. Det vart ei målfattig opning på kampen. Emil Bjørdal gav Ørsta leiinga 3–2 då det var spelt tretten minutt av 1. omgang. Utover i omgangen klarte Ørsta å byggje seg opp ei tomålsleiing. Simon Sjøkvist gav Ørsta leiinga 10–7 rett før pause, men gjestene reduserte og laga gjekk til pause på stillinga 10–8.

Femmålsleiing

Heimelaget opna 2. omgang svært godt og auka leiinga til 12–8 på to kontringar. Seks minutt ut i omgangen sette Anders Vatsaas inn Ørsta sitt sekstande mål for kampen, og vertane hadde ei femmålsleiing. Utover i omgangen byrja heimelaget å bli litt slitne, og gjestene fekk utteljing offensivt. Godt målvaktspel av Bjørn Vik Henriksen gjorde at Sjøkvist kunne kontre og auke leiinga til 23–19 då det stod att fire minutt av kampen. NTNUI la om til eit offensivt forsvar og var berre eitt mål bak Ørsta då det stod att 54 sekund av kampen. Heimelaget klarte ikkje å få utteljing i sitt siste angrep. Godt forsvarsspel hindra utteljing for NTNUI, og dermed kunne heimelaget sleppe jubelen laus for 24-23-siger på heimebane.

Trenar Lars Øie var godt nøgd med to poeng og at Ørsta tok sin tredje siger for sesongen.

– Det var ein bra kamp begge vegar. Vi opparbeider oss ei leiing, men eg trur vi blir litt slitne på slutten. Vi byter mykje og slepp til venstrekanten til NTNUI litt for mykje. Spelet var bra sjølv om vi er skadeskotne og kanskje litt dårleg trent. Eg er veldig godt nøgd med både Bjørn Vik Henriksen og Håvard Skaar i mål.

– Er det von om at dette er starten på ei sigersrekkje for Ørsta sin del?

– Vi må berre køyre på og få med Stian Aasen og Bendik Bjerke meir. Vi har og fått ein ny venstrekant i Simon Sjøkvist som var eit friskt innpust i dag. Det lovar veldig godt, og eg trur at det kan bli ein spennande vår her i Ørstahallen.

Med to poeng klatra Ørsta forbi Røros på tabellen i 3. divisjon avdeling 1, og ligg no på 9. plass. Ørsta møter Vikhammer 3 på heimebane komande søndag.

Kampfakta

Ørsta – NTNUI Håndball 2 24–23 (10–8)

Ørsta: Bjørn Vik Henriksen, Håvard Skaar, Andreas Vik 2, Anders Vatsaas 2, Tom Erik Engeset, Alexander Eide 1, Jonas Fagerhol Sira, Simen Sjøholt, Emil Theodor Bjørdal 5, Daniel Thorup, Simon Sjøkvist 5, Bendik Bjerke 5, Stian Aasen 2.