Skiskyttarsesongen er no i full gong, men mangel på snø tidlegare i sesongen, gjorde at dei fleste voldingane gjekk sitt fyrste renn for sesongen under krinsmeisterskapen i skiskyting i helga. Mange gode pallplasseringar og fornøgde debutantar vart resultatet.

Rennet har offisiell KM-status for klassane 13 år og eldre, desse klassane skyt utan støtte på skytinga og dei har dermed same vanskegrad som dei skiskyttarane vi ser på TV i World cup og VM. Laurdag var det sprint for alle klasser medan det søndag var sprint for dei 12 år og yngre og fellesstart for dei eldre.

1 gullmedalje

Lars Erik Telseth klinka ned 9 blinkar i M19 på laurdag. Omsider byrjar langrennsforma å kome sigande, så han berga gullmedaljen med 11 sekund margin til nummer 2. Lars Erik runda av søndag med 16 treff på fellesstarten og fekk då også ei sølvmedalje med seg heim.

4 sølvmedaljar

Turi Lise Totland hadde nesten ei makshelg på skytebana i J14, ho trefte 9 av ti laurdag og 10 av 10 søndag. Ho vann sølvmedalje begge dagane i den tøffe klassa og fekk med segei ugle heim, som er krinsen sitt heidersteikn for feilfri skyting i konkurranse. Sølv vart det også på Torjus Engeset Woldsund, som med 8 treff på skytinga og stor fart i løypa, klatra eit trinn høgare på sigerspallen enn det han har vore før i G16.

2 bronsemedaljar

Martinus Sætre Lid stod for bronsemedalje fangsten vår i G13, der han vart nummer 3 begge dagar. Martinus har berre vore med på skiskyting i 1 år, og debuterte i helga på liten blink utan støtte. Han løyste oppgåva framifrå og trefte 5 laurdag og 6 søndag.

Debutantar

VTI Langrenn og Skiskyting hadde fire skiskyttardebutantar på startstreken denne helga, som trass i at skiskyttarskulen ikkje er heilt fullført, tok sjansen på å stille til start i KM. Jenny Hammer Nygjerde, Osvald Hammer Nygjerde trefte 7, Mathias Nedrelid Vatne trefte 8 søndag og Daniel Vatsaas trefte 8 laurdag og 10! søndag. Alle hadde det moro og desse tøffingane skal vi nok sjå meir til i åra som kjem. Synne Melle Lundberg debuterte på liten blink i 10-årsklassa med 5 treff og hevda seg der også heilt i toppen av klassa på laurdag. Debuterte på liten blink gjorde også Olve Dalebø Mork med 4 treff søndagen i G10.

Gode rekruttar

Marius Sætre Hove hadde to gode dagar med 7 treff laurdag og 8 treff søndag. Med det klatra han opp på pallen med 2.-plass og 3.-plass. Synne Melle Lundberg debuterte på liten blink i 10-årsklassa med 5 treff og hevda seg der også heilt i toppen av klassa på laurdag. Johanne Ramsli Gjethammer trefte 10 blinkar i nybyrjarklassa, og fekk beste tid i klassa, skal tru om ikkje ho også skal få prøve seg på liten blink snart. Helene Nærum Wold har for alvor teke skrittet ut av nybyrjarklassane og konkurrerte seg til ein 3.- og ein 4.plass i J11. Signe Meek Aaslid skyt vanlegvis svært godt, men hadde ikkje heilt klaff på standplass denne helga og vart nummer 7 begge dagar. Vetle Dalebø Mork trefte 6 i G12 på søndag.

Tøffe klasser

Klasse gutar 14 år er ei stor tøff klasse der vi hadde med 3 deltakarar, dei gjorde sine saker bra. Brede Driveklepp hanka inn ein 4.- og ein 5.-plass med 6 og 5 treff. Hallvard Engeset Woldsund byrjar å kome i langrennsform, men litt mange bom sende han ned på ein 6.- og ein 7.-plass. Fredrik Nærum Wold hadde beste skyting i denne klassa med 9 treff på laurdagen. Jens Hauge hadde lite klaff på skyting laurdag, men revansjerte seg med ein flott 4.-plass i G16 søndag.

Neste helg er det KM normalprogram i Randabygda.

Tekst

Rune Totland

Gull og sølv: Lars Erik Telseth klinka til med gull på sprinten og sølv på fellesstarten. Han var beste skyttar i M19 begge dagar.
VTI Langrenn og skiskyting kosa seg på tur til Stryn og Markane denne helga: F.V. Jens Hauge, Hallvard Engeset Woldsund, Helene Nærum Wold, Olve Dalebø Mork, Lars Erik Telseth, Signe Meek Aaslid, Torjus Engeset Woldsund, Vetle Dalebø Mork, Martinus Sætre Lid, Marius Sætre Hove og Turi Lise Totland. Foto: Rune Totland