I romjula vart voldameisterskapen i tennis arrangert i tennishallen i Volda. Nokre melde forfall grunna sjukdom, men det var åtte som stilte opp. Det er bra tennismiljø, og folk kjem frå heile distriktet for å spele. Difor er det no mest uråd å få fast time om kveldane i hallen. Tennis er ein kjekk sport som passar for folk i alle aldrar. Noreg har ikkje nokon heilt på toppnivå i verda, men Casper Ruud hevdar seg bra i tillegg til ein junior på kvinnesida. Vi vonar at tennis vil verte endå meir populært her i landet.

Strande mot Nesse

Første dag var dei innleiande kampane med eit sett i kvar kamp. Det var to avdelingar og til saman 12 kampar på eit sett kvar. Fleire av kampane enda 6-0, og det vart klart kven som gjekk vidare til semifinalane. Stemninga var god, og ein del folk hadde tatt vegen for å heie på sine favorittar.

Fjorårsvinnaren Einar Reite stilte ikkje opp, og Kai Are Strande frå Ørsta var klar favoritt. I første semifinalen vann han 2–0 over Hallgrim Myklebust frå Volda. I den andre vann Odd Nesse frå Ulsteinvik 2–1 over Kristian Nybakk frå Måløy. Kristian har lenge budd i London, men bur no i Tjørvåg. I bronsefinalen vann Hallgrim 2–1 over Kristian. Det var jamne og gode kampar med mykje god tennis. I finalen vann Kai Are 6-0, 6–1 over Odd. Han vart voldameister for sjuande gong og er ganske suveren. Kai Are kunne nok nådd langt også på landsbasis! Han er eit multitalent i sport. Det var også imponerande av Odd å nå finalen då han har vore mykje plaga av sjukdom.

Vonar at fleire vil vere med

Vi voner at fleire unge vil begynne å spele tennis og slå ut oss eldre. Velkomen til Volda tennislag og godt nytt år!

ref.

Finalistane: Kai Are Strande var førehandsfavoritt i voldameisterskapen i tennis, og slo Odd Nesse 6-0 og 6-1 i finalen.