Det seier Sindre Skurtveit i Hovdebygda IL fotball etter at terminlista for 5. divisjon komande år vart offentleggjort. Av dei lokale klubbane i Ørsta spelar både Hovdebygda og Ørsta i divisjonen i 2017, men fotballkrinsen har ikkje lagt til rette for at klubbane kan møtest til lokaloppgjer 16. mai.

– Etter at det vart klart at Ørsta rykka ned til 5. divisjon var Hovdebygda tidleg ute med å gje krinsen beskjed om ønsket å spele 16. mai, og Ørsta har søkt om det same, seier Skurtveit.

I terminlista som vart offentleggjort førre veke er Hovdebygda sett opp med heimekamp mot Åram/VanKam torsdag 18. mai, og Ørsta skal møte Volda 2 på heimebane same dato. Klubbane har vore i kontrakt med krinsen om å få endra kampoppsettet slik at Ørsta-laga kan møtast 16. mai, men har fått til svar at det er vanskeleg. I midten av januar er alle klubbane i fotballkrinsen invitert til terminlistemøte, og Ørsta og Hovdebygda vonar å få til ei løysing som dei andre laga går med på.

– Når Ørsta spelar i 5. divisjon saman med Hovdebygda har vi sjansen til å skape ekstra blest rundt lokalfotballen, og det er naturleg å setje desse to laga opp mot kvarandre på ein dato som 16. mai. Alternativet med kamp mot Volda 2 trur eg ikkje er noko stas for publikum, og det er førstelaga som tel opp i dette.

Hovdebygda og Ørsta har allereie avgjort at eit eventuelt lokaloppgjer mellom klubbane 16. mai skal spelast i Ørsta.

– Vi har prata i lag og funne ut kven som skal ha heimekamp. Dette vart avgjort ved at det laget som har spelt færrast slike oppgjer skulle få kampen på heimebane. Vi såg på dei sju siste sesongane. Hovdebygda hadde to slike oppgjer, eit mot Vartdal og eit mot Ørsta i 2011. Ørsta hadde spelt ein slik kamp mot Åmdal, og difor er det naturleg at 16. mai-kampen vert spelt i Ørsta, seier Skurtveit.

Både Hovdebygda og Ørsta meiner at eit lokaloppgjer mellom klubbane vil vere bra fot lokalfotballen og skape aktivitet.

– Vi er forundra over at krinsen ikkje klarer å få til eit lokaloppgjer på terminlista når begge klubbane har ønske om det. Sjølv om dette er 5. divisjon er det interesse for eit slikt oppgjer og det vil vere med på å skape aktivitet.