Voldingen avslutta sesongen med å bli juniornoregsmeister for MFK-juniorane og deltaking i Nordisk Meisterskap i Göteborg. Det gjekk ikkje like bra der for han og lagkameratane. Martin fortel til Møre-Nytt at dei fekk ein dårleg inngang til turneringen ettersom dei tok fatt på reisa til nabolandet i femtida om morgonen og var fremme på hotellet seks timar seinare. Det var ein stor strek i rekninga at dei ikkje fekk tilgang til hotellromma før på ettermiddagen.

Martin vil ikkje bruke det som unnskyldning for at det vart tap både i første og andre kamp. Den gode forsvarsspelaren meiner det handla meir om udyktighet så lenge MFK i dei innleiande kampane skapte fleire målsjansar enn motstandaren. Roseth innrømmer at det er godt med ein pause frå fellestreningane når kalenderen viser at det nærmar seg jul. 18-åringen har hatt ein lang og tøff sesong ettersom han har vore involvert på tre lag.

EM-sluttspel freistar

– Eg har spelt flest kampar for MFK sitt andrelag i 2. divisjon. Men eg har trent med A-laget og spelt på G18-landslaget som har som mål å kvalifisere seg for neste års G19-EM. Det vil vere stort dersom eg neste år får med meg eit EM-sluttspel med landslaget, seier Martin som har markert seg i dei landskampane han har spilt. I 2017 er det også eit mål å få meir speletid i eliteserien. Sjølv om det vil bli minst like tøft å slå seg inn på eit lag som er revansjelystne.

Ole Gunnar Solskjær sine disiplar har lyst til å bevise at dei er betre enn det årets tabellplassering kan tyde på. Det var ein skuffelse både for Martin og dei andre at dei misbrukte moglegheita til å sikre seg europacupspel neste år. Roseth er i utvikling og er ein av fleire unge spelarar i klubben som mest sannsynleg kjem til å ta steg i løpet av vinteren. Solskjær har ei rekke gonger uttalt at han har stor tru på den unge sunnmøringen som han henta for to og eit halvt år sidan.

– Eg har sett meg som mål at eg ønsker å bli betre på dei fleste område. I så fall bør det vere mogeleg å behalde plassen på landslaget. Likeins sleppe til meir i eliteserien sjølv om det er mange i klubben som har det som mål, seier Martin som har hatt ei enorm utvikling etter at han forlét Volda til fordel for Molde Fotballklubb. Det var nok få i moderklubben og på Søre Sunnmøre som så for seg at Martin allereie året etter skulle vere aktuell for eliteseriespel.

Sigeren i G19-finalen i noregsmeisterskapen er eit av høgdepunkta i årets sesong for Roseth som var ein svært så viktig bidragsytar til at det vart siger over Vålerenga. Han spelte ein strålande kamp og var ein av dei som bidrog til at den tøffe bataljen vippet Molde fotballklubb sin veg.

Svein Halvor Moe