Ni kandidatar gjekk opp til gradering. Bjørn Christoffer frå Volda Judoklubb var einaste kandidat frå Møre og Romsdal, og desidert yngste utøvar som stilte til gradering. Graderinga var tredelt. Først demonstrerte utøvarane ferdigheiter i bakkekamp og kasteteknikkar mot tre ulike partnarar. Deretter viste dei eit tjuetals ulike forsvars- og angrepsteknikkar. Til slutt demonstrerte og forklarte kandidatane ein lang serie av sjølvvalde teknikkar.

Aktiv utøvar og trenar

Bjørn Christoffer starta i Volda Judoklubb som åtteåring. Dei tre siste åra har han vore både aktiv utøvar og trenar. Det er få vaksne utøvarar i klubben, så i tillegg til den dedikerte trenaren sin, har han fått hjelp av ein treningspartnar frå Ålesund til å førebu seg til graderinga. Etter mange timar ekstra trening framover hausten, har han no fått løn for strevet.

Historisk

Dette er første gongen på mange år at ein utøvar frå Volda Judoklubb har blitt gradert til svart belte.

– Det er andre gongen i Volda Judoklubb si historie at ein utøvar har gått alle gradane frå kvitt til svart belte i klubben, seier Charles Andrianjafintrimo. Han grunnla Volda Judoklubb i 1982, og har full oversikt over historia til klubben. Han legg til at det fram gjennom åra er fleire som har starta karrieren sin i Volda Judoklubb og som seinare har oppnådd svart belte i andre klubbar, men då etter at dei har flytta frå Volda.

Charles reiste eins ærend til Trondheim for å støtte Bjørn Christoffer heilt fram til denne viktige hendinga. Med andre ord; ei stor helg for både Bjørn Christoffer Skorpen, trenar Charles Andrianjafintrimo og Volda Judoklubb!

Volda Judoklubb