Laurdag skal det avgjerast om 4. divisjon i fotball skal ha tolv lag i år eller bli utvida til fjorten lag frå komande sesong. Saka har vore mykje debattert i fotballmiljøet, og det er ulike syn rundt saka. Ørsta IL fotball har sendt inn forslaget om ei utviding av 4. divisjon frå 2017-sesongen, og krinsstyret rår klubbane til å stemme imot forslaget. Tidlegare denne veka sendte Ørsta IL fotball e-post til alle klubbane i krinsen, og det vert understreka at fotballkrinsen har lagt føringane sjølv for at saka skulle opp på tinget.

– Som de veit så har Ørsta IL fremja forslag om utviding av 4.divisjon til 14 lag til neste sesong. Mange har oppfatta dette som eit forsøk på å berge seg sjølv, slik at vi framleis spelar i 4. divisjon neste år. Sanninga er at det var kretsen sjølv som la føringar på dette, då dei behandla saka om omlegging av seriesystemet i mars i år. Dei fleste andre kretsar la klare føringar på kor mange lag det skal vere i dei ulike divisjonane i kretsen, og om det skulle spelast opprykkskamp for vinnarane i 5.- og 6. divisjon, heiter det i e-posten.

Les også: Delte meiningar om utviding av 4. divisjon (For abonnentar)

Ørsta IL fotball viser til at Sunnmøre fotballkrins sjølv la ut ei nettsak etter at krinsstyret hadde møte i mars i år. I e-posten har dei lagt ved heile saka som vart publisert.

– Kretsstyret drøftet også noen av de andre konsekvensene med det nye seriesystemet. Men ettersom vi på Sunnmøre har tradisjon for å overlate mange av denne type spørsmål til kretstinget - så ønsker kretsstyret å følge denne tradisjonen. Det betyr at eventuelle spørsmål om utvidelse av 4. divisjon til 14 lag og innføring av 7. divisjon vil bli opp til kretstinget å ta stilling til, stod det på Sunnmøre fotballkrins sine nettside.

Ørsta IL fotball skriv at dei berre har gjort det krinsen sjølv la opp til før sesongstart.

– Det sportslege argumentet er det viktige her. Alle bør vere einig i at kvaliteten på sunnmørsfotballen ikkje blir betre ved at flest mogleg lag rykker ned i divisjons systemet. Difor ønsker vi å utvide 4-divisjon til 14 lag, som dessutan er eit normalt tal på lag i 3 og 4-divisjons systemet. Med såpass mange sunnmørslag ned frå 3-divisjon, så er det viktig at kretsen gjer dei grep ein kan for å halde eit sportsleg nivå så høgt som mogleg.

Les også: Foreslåg nivåinndeling for 9-12 åringane