Fotballgallaen til Sunnmøre fotballkrets vert arrangert komande laurdag. Denne veka vart nominasjonane til dei ulike prisane offentleggjort, og Ørsta og Volda har nominerte til alle fem prisane. Årets fotballkommune er ein av dei gjævaste prisane. I 2010 vart Volda kommune tildelt prisen, og Både Volda og Ørsta kommunar har vore nominert til prisen i åra etterpå. I år er Ørsta kommune ein av dei nominerte kommunane saman med Sula kommune og Norddal kommune. I grunngjevinga til krinsstyret vert det peika på at Ørsta lenge låg bak andre kommunar i krinsen på anlegg og anleggsutvikling.

– Men dei siste par åra har dei verkeleg kome i siget og har no fått sin fjerde kunstgrasbane (11ar) i kommunen då Sæbø i sommar opna sin. I tillegg har kommunen bidrege til Ørsta sin 7ar-hall og til rehabiliteringa av den gamle kunstgrasbana der. Då kjøpte kommunen det gamle dekket og har nå plassert dette på diverse mindre baner i kommunen. Tar vi med at Ørsta er den klubben med størst auke i tal på lag i år, så understrekar det at dette er ei fotballkommune som har tatt store steg, skriv krinsstyret.

Kvalitetsklubb

Til prisen årets kvalitetsklubb er Volda, Stranda og Vigra nominert. Krinsstyret grunngjev nominasjonen til Volda med at klubben driv godt på alle nivå, og som står fram som ein solid klubb som greier å gje eit tilbod til veldig mange.

– Spesielt imponerande er arbeidet Volda har gjort for å inkludere asylsøkjarar i klubben og ikkje minst den fantastiske oppslutninga dei har rundt fotballfritidsordninga.

Fair Play

Krinsstyret har nominert Ørsta, Hareid og Emblem til prisen årets Fair Play-klubb.

– Klubben har jobba aktivt med Fair Play inn mot sin aktivitet, mellom anna kamp og treningar. Dette har dei sett gode resultat av, skriv krinsstyret i grunngjevinga og peikar på saka om Eirik Grevsnes Bjørdal som fekk nasjonal merksemd tidlegare i år.

Årets jenteklubb

Ørsta kan og bli kåra til årets jenteklubb under fotballgallaen. Ørsta er nominert saman med Hessa og Stordal.

– Klubben størst vekst totalt i tal på lag og auken i jentelag er nesten like stor. Aldri før har ein så stor del jenter i Ørsta spelt fotball som i år – på hele 44 prosent. Dei var også sentrale og tok ansvar åleine for alle satellittjentene på Søre sist vinter – då ingen andre klubbar der ville stille opp. Ørsta har også delteke med kvinner i ulike fora. Ser vi heile kommunen under eitt så er det også verdt å merke seg at 47 prosent av alle jenter mellom 6–12 år i Ørsta kommune spelar fotball, heiter det i grunngjevinga.

Draumetrenar

Prisen årets draumetrenar skal og delast ut under fotballgallaen. Rune Johnsen (Mork IL) er nominert saman med Olav Martin Amdam (Ørskog IL) og Arnt Vidar Fiskerstrand (Langevåg IL). Krinsstyret skriv at Johnsen har eit ekstra hjarte for jentefotballen.

– Han er involvert i fleire klubbar, både Ørsta, Volda og Hovdebygda i tillegg til sin egen. Her har han køyrt eigne jenteprosjekt på tvers av klubbane. Dessutan er han sentral for jentedelen i Team Søre. Rune Johnsen er fagleg sterk, har UEFA B-lisens og er oppteken av at alle skal få eit sportsleg tilpassa opplegg.