Samla har no om lag 45 delteke i denne rulleskicupen. Derav om lag 30 frå Hovdebygda IL langrenn. Dette er ein fin auke frå i fjor. Vi har hatt besøk av langrennsløparar frå Stranda, Sunnylven, Markane, Stårheim, Eid og Volda. Neste haust kan denne cupen utvidast med enno større deltaking.

Hovdebygda IL har no langrennsløparar i dei fleste årsklasser og denne gongen var det også ei god junior og seniorklasse på startstreken.Neste på programmet er skirenna på snø. Det vert planlagt lokal Sparebank 1-cup med skirenn i både skøyting og klassisk og ikkje minst den populære 2-manns stafetten. Møre og Romsdal skikrets har utarbeidd ei førebels terminliste der Hovdebygda IL skal arrangere Krinsmeisterskap i slutten av januar.For dei som er med på langrennstreningane er det mykje å gle seg til.

Ref. Hovdebygda IL langrenn