Birgitte Bjørlykhaug (16) og Synne Masdal (15) har denne sesongen vore med på eit eventyr med Herd sitt J16-lag. Etter ekstraomgangar vart det 3-2 borte mot Molde på Aker stadion og i kvartfinalen vart Bærunms Verk slått 3-0 på heimebane. Mot Ullensaker/Kisa i semifinalen på bortebane gav Masdal Herd-jentene leiinga.

Etter full tid og ekstraomgangar stod det 2-2 mellom laga, men Herd tok seg til finalen etter straffesparkkonkurransen.

– Vi har prestert når vi må, og fått vist kor gode vi er. I nokre seriekampar har vi ikkje vore på topp denne sesongen, men i cupen har vi fått fram det beste i oss, seier jentene som spelte for Vartdal fram til i fjor. Herd er klar til å møte Forus og Gausel i cupfinalen i Telenor Arena 18. november.

Oppkøyringa startar for fullt denne veka, og jentene gler seg til cupfinalen.

– Det blir ei stor oppleving. Det er historisk og det blir veldig spennande.På J16-laget spelar Birgitte i 10-rolla, medan Synne enten spelar midtstoppar eller back.I tillegg til spel for J16-laget har Birgitte og Synne spelt for J19-laget og seniorlaget til Herd denne sesongen. Søndag var Synne med då Herd sikra seg opprykk til 2. divisjon. Birgitte måtte stå over kampen grunna skade, men vonar at ho skal vere skadefri til cupfinalen.

– For oss blir det ei oppleving for livet. Vi er heldige, og det er ikkje alle som får sjansen til å spele i ein cupfinale.

Medan Birgitte har flytta på hybel i Ålesund bur Synne framleis på Masdal. Dermed blir ein ein del pendling for å kome seg på trening og kamp.

– Mest truleg flyttar eg på hybel til neste år. Det blir mykje trening, men det er kjekt å vere med, seier Synne.

Jentene har ambisjonar og har lyst til å nå langt med fotballen.

– Vi vil nå så langt som mogeleg, og Herd er ein god plass å starte. Cupfinalen mellom Herd og Forus og Gausel sparkar i gang cupfinalehelga for norsk fotball. Herd-laget skal vere i Oslo heile helga, og det er planlagt tur på cupfinalen for damer mellom Lillestrøm og Røa.

J16-laget til Herd gjorde det bra både i Dana Cup og Norway Cup i sommar. Cupfinalemotstandar Forus og Gausel slo ut i Herd på straffer i semifinalen i Dana Cup.

– Det var ein veldig jamn kamp under Dana Cup, og vi var gira på å møte dei i cupfinalen. Dermed er det eit revansjesugent lag Forus og Gausel møter på Telenor Arena 18. november.

Birgitte og Synne vonar at det og blir litt støtte frå Vartdalsstranda på tribunen under cupfinalen.

– Vi satsar på det, seier jentene med eit smil.