I slutten av mai i 2015 signerte Lars Arne Nilsen avtalen som gjorde han til hovudtrenar for Brann. Bergensklubben låg langt nede på tabellen i 1. divisjon, men i løpet av sommaren og hausten snudde situasjonen seg og Brann sikra seg opprykk til Tippeligaen. Ikkje mange hadde tippa at Brann skulle vere med i toppen av Tippeligaen denne sesongen, men under leiing av Nilsen ligg Brann på sølvplass to serierundar før slutt. Brann kjempar med Odd om sølvet i Tippeligaen.

Med siger borte mot Start i neste runde sjansane er medalje sikra for Brann i comebacksesongen i Tippeligaen. Måndag vart nominasjonane til årets spelarar, trenarar og dommarar i Noreg offentleggjort, og Nilsen er ein av tre nominerte til prisen årets trenar i Tippeligaen 2016. Det er Norges Fotballforbund (NFF), Norsk Toppfotball (NTF) og Serieforeningen for kvinner (SKF) som står bak kåringa.

Publikum er invitert med for å stemme fram folket sin favoritt. Resultatet frå folket si avstemming vil telje ein tredjedel.

Kapteinane i Tippeligaen og OBOS-ligaen vil stemme på sine favorittar og dette resultatet vil telje ein tredjedel for alle prisane. Juryen, som består av Davy Wathne, TV2, Jesper Mathisen, TV2, Knut Espen Svegaarden, VG, Nils Johan Semb, NFF og Jo Bergsvand, NTF (leiar), sitt resultat vil vere den siste tredjedelen.Fristen for å stemme for publikum er 30. oktober.

Avstemminga skjer på Norsk Toppfotball si Facebook-side.