Utgangspunktet før kampen mellom Hovdebygda og Volda 2 var at viss heimelaget vann eller spelte uavgjort var dei heilt sikre på å verte krinsmeister i 5. divisjon. Med tap mot Volda 2 var Hovdebygda avhengig av at Blindheim ikkje slo Ellingsøy på heimebane. Kampen starta bra for Hovdebygda, og etter eit par minutt fekk heimelaget straffespark etter at Rune Haugen gjekk ned i feltet. Frå straffemarket var Bjørnar Holen sikker og 1-0 til Hovdebygda. Heimelaget jobba godt og var tidleg i press det første kvarteret av 1. omgang. I det første skikkeleg angrepet til Volda 2 etter 16 minutt utlikna Espen Viddal på flott vis. Etter 23 minutt var Holen nær ved å sende heimelaget i føringa igjen, men avslutninga gjekk i tverrliggjaren og i henda til Volda 2-målvakt Tore Sørheim. Christoffer Bjerknes gav Volda 2 leiinga på eit longskot nokre minutt seinare. Fem minutt før pause var Bjerknes frampå igjen og auka til 3-1 med ei avslutning langs bakken frå 16 meter. Eitt minutt seinare fekk Bjerknes to avslutningsforsøk, og gav Volda 2 4-1-leiing. Rett før pause fekk Hovdebygda frispark frå rundt 20 meter. Holen skrudde ballen rundt muren i venstre hjørnet bak Sørheim. Dermed gjekk laga til pause med 4-2-leiing til Volda 2. I kampen mellom Blindheim og Ellingsøy var gjestene i føringa 1-0, og dermed var Hovdebygda framleis på topp med 45 minutt att av sesongen.

Første halvdel av 2. omgang var jamnspelt mellom laga, og det vart ikkje skapt store målsjansar. Hovdebygda var farlege på eit par hjørnespark medan Viddal var nærast for gjestene. Eit sjølvmål av Hovdebygda gav Volda 2 5-2-leiing midtvegs i omgangen. Etter flott spel mellom Frank Ristesund og Davide Contardo reduserte sistnemnde for heimelaget. Nokre minutt seinare auka Mohammad Khalil Abouzari Volda 2 si leiing til 6-3, og same mann fastsette sluttresultatet til 7-3 på ei kontring. Holen fekk sjansen frå straffemerket heilt på tampen av kampen, men Sørheim slo ballen i stolpen og ut. Blindheim klarte ikkje å skåre på Eliingsøy, og gjestene vann 2-0. Dermed vart Hovdebygda krinsmeister i 5. divisjon.

Åmdal tapte 4-3 for Vigra på heimebane i siste seriekamp. Laget var avhengig av tre poeng, og at Giske eller Ellingsøy ikkje vann i siste serierunde. Ellingsøy vann sin kamp 2-0 og Giske vann 2-0, men dette betydde lite sidan Åmdal tapte. Dermed vart det nedrykk for Åmdal og spel i 6. divisjon komande sesong.

Vartdal avslutta sesongen laurdag med heimekamp mot Brattvåg 2. Det var 7-0-siger på Remen.