Hovdebygda IL langrenn arrangerte rulleskirenn i rulleskiløypa på Ullsheim i Stryn søndag 25. september. Over 20 grader og sol var ramma rundt eit veldig vellukka rulleskirenn med nærare 40 deltakarar.

- Hovdebygda IL langrenn stilte sjølv med om lag 20 deltakarar, og så var vi så heldige at det kom langrennsløparar frå Stranda IL, Sunnylven IL, Eid IL, Stårheim IL og Volda. Vi har kome godt i gang med treningane for dei eldste treningsgruppene og dei yngste under 10 år kjem i gang etter haustferien. Ferdigheitene på rulleski er veldig bra og det lovar godt for ein komande langrennssesong.

Neste rennet i Sparebank 1 rulleskicup vert arrangert på Ullsheim søndag 23. oktober og det siste rennet vert arrangert i Hovdebygda i november. Til desse renna ventar Hovdebygda IL langrenn enno større deltaking både frå eige lag og frå dei andre laga i regionen.