Vartdal hadde von om siger på heimebane då Hovdebygda gjesta Remen laurdag ettermiddag. Heimelaget kunne kutte forspranget til Åmdal dei andre laga midt på tabllen i 5. divisjon, medan gjestene kunne auke luka til Blindheim på 2. plass. I opninga av kampen vart det ikkje skapt farlegheiter nokon vegar, og det tok femten minutt før Vartdal skapte den første sjansen i kampen.  Minuttet etter kom Rune Haugen til avslutning for gjestene, men Terje Brandal i Vartdal-målet fekk slått ballen ut til hjørnespark. Gjestene hadde mest av banespelet i 1. omgang, men midtvegs i omgangen kunne det stått 1-0 til heimelaget hadde det ikkje vore for ei god takling av venstreback Robin Brunstad. Fem minutt før pause vart Haugen felt like ved dødlina. Bjørnar Holen ladde frisparkfoten, klinka til og sende gjestene opp i føringa. Tre minutt seinare heada Steffen Roth gjennom Jostein Bjørlykhaug, men avslutninga gjekk over og laga gjekk til pause på stillinga 1-0 til Hovdebygda.

Sju minutt ut i 2. omgang var Per Ole Egset svært nær ved å doble leiinga til bortelaget, men Brandal varta opp med ei god redning. Etter seksti minutt fekk Martin Roald draumetreff frå tjue meter og sende Hovdebygda opp i 2-0-leiing. Gjestene hadde brukbar kontroll defensivt, og Vartdal kom ikkje til dei store sjansane. Etter at Petter Ove Sætre vart flytta opp som spiss klarte heimelaget å leggje meir trykk på Hovdebygda, og seks minutt før full tid kom reduseringa. Geir Arne Kaspersen slo eit frispark inn i feltet og Sætre sette inn reduseringa med hovudet. Heimelaget prøvde å jage ei utlikning, men to minutt før full tid var det duka for eit nytt draumetreff på Remen. Aleksander Berget klinka til frå tjue meter etter litt og klabb og babb, og ballen gjekk via tverrliggjaren og i mål. 3-1 til Hovdebygda, og kampen var avgjort.