For to veker sidan vart det eit nervepirrande drama då Ørsta tok imot Gloppen i 2. runde av NM handball for menn. Etter ekstraomgangar og straffekast kunne Ørsta sleppe jubelen laus etter 39-26-siger. Avansementet i cupen har gitt eliteseriemotstand i 3. runde. Laurdag står FyllingenBergen, som var tapande finalist i cupfinalen i fjor, på motsett banehalvdel i Ørstahallen.

– Kva lag Fyllingen har med seg vert heilt avgjerande for kampen. Fyllingen har tradisjon for å gjere det godt i cupen, og vann sist i 2013. Dei har mista nokre toppspelarar i t.d. Harald Reinkind. Dei er litt svekka samanlikna med tidlegare, men dei slo 1. divisjonslaget Bjørnar ganske enkelt i 2. runde, seier fungerande Ørsta-trenar Lars Øie.

Fire dagar etter at Ørsta slo ut Gloppen av cupen hadde FyllingenBergen få problem då dei slo Bjørnar 38–17 på bortebane.

– Vi må gå for siger, og ha same strategi som vi har til alle kampar. Vi må gå ut på bana og gjere vårt beste, så får dei vere så mykje eliteseriespelarar som dei vil.

Ørsta-spelarane skal ha det kjekt laurdag, samtidig som dei ynskjer å prestere opp mot sitt beste.

– Viss vi klarer å gjere det så bra vi kan, så har vi det kjekt. Når vi spelar på vårt beste skal vi klare å hamle opp med Fyllingen. Problemet er at botnnivået deira er på vårt beste nivå, men eg er heilt sikker på at vi skal klare å bite frå oss.

Til cupkampen er Ørsta manglar heimelaget Stian Aasen og Anders Vatsaas vart skadd i kampen i kampen mot Gloppen.

– Gi dei ei publikumsoppleving dei ikkje er vande med

Ørsta handball har von om at Ørstahallen vert fylt laurdag, og at det blir god stemning.

– No håper eg at folk tek turen for å sjå eliteseriehandball i Ørstahallen. Det trur eg ikkje har skjedd før. Vi må klare å fylle Ørstahallen og gi Fyllingen ei publikumsoppleving som dei ikkje er vande til, og det er kjekt at vi får storfint besøk til Ørsta, seier Øie.