– Vi skal ha ei stor og flott opning etter kvart, men i Ørsta IL fotball har mange frivillige eldsjeler som tek del. Når stor prosjekt skal gjennomførast så er det enkelte som gjer litt meir. Det er ikkje skryt, men sanning. Utan at det hadde blitt gjort hadde vi truleg måtte leige inn folk eller så hadde ikkje slike prosjekt blitt gjennomført. Karsten Aarseth og Olav Saure har stått på litt meir enn det mange andre har gjort, seier leiar Paul Kristian Hovden i Ørsta IL fotball.

Saman med dagleg leiar Arnstein Sandvik understrekar Hovden at Ørsta IL fotball er svært takksame for innsatsen som har blitt lagt ned i samband med nytt kunstgrasdekke.

– Vi fekk ein pris på dekket i 1. omgang som var i overkant, men Karsten sa at vi skal sjå om vi ikkje klarer å ordne det. Og det gjorde vi. Vi har fått eit fantastisk dekke til ein pris som vi klarer å handtere. Ørsta IL fotball er særdeles takksame for den jobben som desse to eldsjelene har lagt ned.

– Det har vore eit stort prosjekt, men når vi ser resultatet så kjem det både små og store til gode no, men også den neste generasjonen.

Kunstgrasdekket som no er på plass i Ørsta stettar dei nye krava til Fifa frå 2017.

– Det gjeld både breidde og topp. Etter 2017 vert det truleg færre kunstgrasdekke å velje mellom. Dekket er hundre prosent resirkulert, seier Aarseth.

– Vi har og fått gjenbruk på det gamle kunstgrasdekket. Det vert lagt kunstgras på Velle skule og Vikemarka skule, i tillegg til balløkker rundt omkring i kommunen. Det er særdeles nøgde med å få til, seier Saure. – Om det er nokon som treng litt kunstgras til ei balløkke, så har vi framleis litt att.