FØLG MED på morenytt.no frå fredag klokka 14.45 for dei viktigaste hendinga frå finalen.

- Dette er stort. Både for meg, lagkameratane mine og klubben, oppsummerer kaptein Borgar Ose.

- Dette er nesten ein draum som går i oppfylling. Utruleg kjekt, jubla Sverre Sætre Orten.

Ørsta var det beste laget i dette lokaloppgjeret.

- Ingen av oss er overraska over at det vart finale. Men det er lite som skil suksess og fiasko, oppsummerte gutane etter kampen.

Dette er første gong Ørsta IL er i finalen under Norway Cup.

Det vart ikkje noko velspelt semifinale.

- Det var tett, tøft og hardt. Fysisk fotball, men vi hadde eit visst grep om det heile, og vi leia trass alt 2-0, understrekar trenar Frode Ose.

Ørsta møter Nordstrand IF i finalen. Dei slo ut eit sterkt Hødd-lag i semifinalen.

- Vi går for siger uansett kven vi møter, presiserer kaptein Ose som allereie harr begynt å glede seg til den store dagen.

Tekst og foto: Rune Helle

Borgar Ose er kaptein på Ørsta-laget som nå skal spille Norway Cup finale.