Juniorlaget frå Volda og Ørsta møtte Dynamic Sporting Solution frå Nigeria i kvartfinalen i A-sluttspelet i Dana Cup fredag ettermiddag. Kampen enda med 1-2-tap for samarbeidslaget.

Dei hadde då slått ut Club Paris Mexico frå Mexico (1-0) og Råde IL (1-0). I gruppespelet vann Volda mot Rantrum TSV (Tyskland) og Team Horne-Hirtshals (Danmark), medan det vart uavgjort mot Kvinesdal IL. Volda/Ørsta toppa gruppa si med 7 poeng etter gruppespelet.

8-delsfinalen mot Club Paris Mexico vart spelt seint torsdag kveld. Volda/Ørsta gjekk vidare etter eit flott mål av Knut Erik Myklebust.

Fleire lokale lag deltek i Dana Cup.

Ørsta deltek med to lag:

G14-laget til Ørsta kom til semifinalen i B-sluttspelet etter å ha slått Hamna IL 8-7 fredag ettermiddag. I semifinalen vart det tap 0-2 for Skudenes IL.

I sluttspelet har dei slått ut Lommedalens IF (5-4) og Trauma IF (1-2). Ørsta enda på tredjeplass i gruppa si i gruppespelet. etter ein siger, eitt tap og ein uavgjort. I semifinalen fredag kveld møter Ørsta Skudenes IL.

G17-laget til Ørsta rauk ut i 16-delsfinalen i B-sluttspelet etter tap for Glassverket IF. I gruppespelet vann dei ein kamp, spelte ein kamp uavgjort og tapte to kampar.

Volda har med tre lag i tillegg til det allereie nemnde juniorlaget:

G16-laget rauk ut i 8-delsfinalen i B-sluttspelet etter 5-3-tap for Voss. Dei slo ut Gullhaug IL i 16-delsfinalen og Mandalskameratene i 32-delsfinalen.

G15-laget rauk ut i 32-delsfinalen i A-sluttspelet etter 0-1-tap for Sandviken. Dei vann gruppa si med sju av ni moglege poeng.

J16-laget til Volda rauk ut i 15-delsfinalen i B-sluittspelet etter 2-1-tap for Birkenes IL. Dei spelte ein uavgjort og tapte to kampar i gruppespelet.