- Det var ei stor og mektig oppleving å få vere ein av de norske deltakarane her for fire år sidan. Eg var glad for at eg melde min interesse og tok utfordringa da eg kom over ein annonse om Nijmegenmarsjen i eit blad. Folkefesten gjorde inntrykk på meg sjølv om eg før avreise hadde lest og høyrt mykje flott om marsjen og arrangementet. Eg var nok blant dei som sa «aldri meir» og fekk ei tøff reise fordi eg hadde litt for spinkelt treningsgrunnlag. Men i etterkant var det den positive stemninga og atmosfæren eg hugsa best frå mitt første møte med den hollandske byen, seier den reisevande 23-åringen til Møre-Nytt.

Ho vaks opp i Volda, men bur no på Andenes i Nordland.

Etter kvart vart det administrative oppgåver på Linda som også i år er ein del av den norske staben i tulipanlandet. For eitt år sidan jobba ho med foto- og pressebiten. I år har ho arbeidsoppgåver innanfor det same feltet. Men har ein litt romslegare kvardag ettersom Nordstrand ikkje har like mykje ansvar som ho hadde for eitt år sidan. Ho er i arbeid for den norske staben frå tidleg morgon til seint på kveld. Dagane blir som oftast like lange og til og med lengre enn det som var tilfelle da ho var deltakar og måtte legge bak seg nesten 170-kilometer med oppakning i løpet av godt og vel tre døgn i sterk varme.

Denne helga var ho med på å arrangere nok ein marsj.

Enormt folkeliv

- Det er forståeleg at folk vender tilbake år etter år for å vere med på dette. Det er nok lengda på marsjen, utfordringa og den spesielle stemninga som gjør at mange reiser tilbake år etter år. Du må nesten ha vore deltakar eller tilskodar her for å forstå kor stort dette er, seier Linda.

Ho opplevde som deltakar at folk stod opp midt på natta for å heie på henne og de rundt 50 000 deltakarane som kvart år følger marsjen.

Linda Nordstrand opplevde at ho fekk ekstra energi da tusen hylla henne og de andre som passerte folkemengdene i Nijmegen-gatene. Den siste dagen var det orkester på kvart eit gatehjørne som var med og fyrte opp stemninga. Det vart lite søvn då ho gjekk marsjen og det har ikkje blitt meir etter at ho vart ein del av staben. For arbeidsdagane er lange og det er mykje som skjer for dei som vil ha med seg mest mogleg. Det vil Linda, som gjorde andværing av seg i slutten av tenåra. Ho stortrivst med å vere ein del av det hektiske miljøet.

Linda Nordstrand har vorte kjend med mange etter at ho vart ein del av Nijmegenmarsjen-miljøet. Det har blitt knytt vennskapsband på tvers av kommune-, fylkes- og nasjonsgrenser.

Av Svein Halvor Moe