Ei rekkje maskotar frå lokale klubbar er med når Hødd handball og handballforbundet arrangerer firenasjonarsturnering i Ulsteinhallen denne veka. Spelarar frå ulike aldersbestemte lag frå handballgruppa til Ørsta IL og Volda handballklubb er mellom dei som gjer ein innsats i samband med landslagsturneringa. Til saman er fleire enn 120 lokale frivillige frå ulike klubbar i sving i samband med turneringa.

– Vi er heilt avhengig av den frivillige innsatsen, og vi har god hjelp frå heile handballfamilien i Møre og Romsdal til ulike oppgåver. No gler vi oss til å komme i gang og håpar på fulle tribunar, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Dei norske Handballjentene kom til Ulsteinvik i førre veke, og skal nytte tida før turneringa til å trene i hallen – og oppleve litt sunnmørsk natur. I Ulsteinhallen er det rigga tribuneplass for om lag 2.100 publikummarar som får sjå Norge møte toppnasjonar som Romania, Frankrike og Spania i oppkøyring til Rio-OL.

Fredag 22. juli blir det ei uhøgtideleg turnering i beach-handball i Saunesparken i Ulsteinvik. Lag i dei fleste aldrar er påmelde. I beach-handball er det rom for å «showe», og piruettar og luftspel gir ekstra poeng. Det blir også brasilianske rytmar og dans i parken som ligg ved sidan av spelarhotellet. Elles reknar klubben med at det blir litt ekstra liv og røre rundt om i sentrum desse dagane.

<strong>På plass:</strong> Landslaget kom til Ulsteinvik førre torsdag og landslagstrenar Thorir Hergeirsson leia den første treninga i Ulsteinhallen same dag.