Mikael Hoem Brunsvik, Ålesund og Omegn CK, gjekk til topp på tida 42:45. Det var kring to minutt betre tid enn det vinnaren hadde i fjor. Vebjørn Hånes Egge, Ørsta SK, vart nummer to med tida 43:13. Ørsta Sykkelklubb gjennomførte eit perfekt løp, og sjølv om det var regnvêr, var løypene fine. Det syntest også vinnaren Hoem Brunsvik frå Ålesund Sykkleklubb.

– Løypa var kjempeflott. Ho hadde fin variasjon. Eg heldt att på flatene og køyrde på gjennom skogen, seier Hoem Brunsvik som sykla i tet heile tida.

Unge

Nytt i år i rundbane-terrengrittet var at det også var løp for unge mellom 11–16 år. Løypa deira gjekk frå Hovden møbel, ut gjennom nedre lysløype til Hovdevatnet, bort til Rompa og vidare på vegen til Hovden Møbel. Rundetal vart tilpassa alder.

Elleve syklistar stilte til start i denne klassa medan 22 ryttarar deltok i seniorklassa med syklistar frå store delar av fylket. Det var ein liten nedgang frå i fjor. Det var fellesstart for alle der ein tok ei sløyfe utover mot Hovdevatnet. Tidtaking starta etter masterstart med følgjebil. Etter masterstarten sykla syklistane grusvegen ned mot «Rompa», og vidare på traktorveg/stigen langs Hovdevatnet, Løypa gjekk m.a. over tunneltaket ovanpå Hovdevatnet. Passering og mål var på nedsida av Hovden Møbel.

Nøgd

Rittleiar Kjetil A. Myklebust var nøgd med arrangementet, men hadde håpa på fleire deltakarar.

– Vêret hadde nok sitt å seie. I tillegg vart det halde fjellmaraton og trollstigritt denne helga, seier Myklebust.

Han konstaterer at det er ein landstrend med færre deltakarar i sykkelkonkurransar, og større oppslutnad kring sykkelritt med naturopplevingar i fokus. Arrangøren er noko skuffa over at lokale syklistar deltek på m.a. Birkebeinarrittet, men let vere å delta på lokale ritt.

– Uansett vart dette eit fint arrangement der folk i tillegg til oss ni i rittkomiteen har stilt opp i sekretariat og som vakter. Det er også stor grunn til å takke huseigar Oddmund Hovden som stilte eigedomen og fabrikkbygget hans til disposisjon, seier Myklebust.

Fire syklistar var med i trimklassa.

Resultat

K13-14

1,Ane Masdal Andersen, Ørsta SK, 18:17,00,

M11-12

1,Tobias Risan Nakken / Molde Ck, Molde CK, 13:07,00,

2,Gabriel Pedersen / Ålesund Og Omegn Ck, 18:00,00,

3,Magnus Winter, Ulstein og omegn SK, 19:22,00,

M13-14

1,Sigve Ulleland, Molde CK, 21:29,00,

2,Sebastian Risan Nakken, Molde CK, 23:55,00,

3,Fredrik R. Hollingsæter, Molde CK, 27:13,00,

4,Reidar Andre Heilevang, Eide IL Sykkel, 36:22,00,

M15-16

1,Trym Øye, Ørsta SK, 24:46,00,

M20-24

1,Vebjørn Hånes Egge, Ørsta SK, 43:13,00,

2,Espen Utgård Sæther, Sykkylven SK, 44:22,00,

M25-29

1,Mikael Hoem Brunsvik, Ålesund og Omegn CK, 42:45,00,

2,David Dagestad Myklebust, Ørsta SK, 47:28,00,

M30-34

1,Pål-Christian Brautaset, Ørsta SK, 51:39,00,

2,Artis Rudovskis, NOTEAM, 51:41,00,

M35-39

1,Cato Hjelmeseth, Ålesund og Omegn CK, 46:18,00,

2,Alf-Christian Røyseth, Ålesund og Omegn CK, 49:59,00,

3,Sindre Huru, Ålesund og Omegn CK, 56:16,00,

M40-44

DNF,Karl Erik Kravik, Ålesund og Omegn CK, ,

M45-49

1,Rune Vinjevoll, NOTEAM, 58:15,00,

M50-54

1,Ben Erik Sira, Ørsta SK, 46:26,00,

2,Jo Sagli, Sykkylven SK, 47:07,00,

3,Arild Mjeltevik, Sykkylven SK, 48:21,00,

4,Jan Erik Bårdsgjære, Sykkylven SK, 52:24,00,

5,Johnny Kalvatn, Ørsta SK, 53:28,00,

6,Jørn Vartdal, Ørsta SK, 1:01:26,00,

M55-59

1,Arild Bjørdal, Ørsta SK, 53:24,00,

M60-64

1,Arne Myklebust, Sandane SK, 50:30,00,

2,Arild Stokke, NOTEAM, 56:46,00,