Arrangøren kan friste med både kaffi og noko å bite i på klubbhuset i Vassbotnen. Er ein interessert i å slå nokre slag på drivingrangen, så vil ein kunne få rettleiing til dette.

Volda Golfklubb er ein samlingsplass for alle generasjonar. Siste åra har klubben opplevd ein veksande aktiv medlemsmasse, samstundes som bana til Volda GK er ein av dei flottaste på Sunnmøre.

- Med tanke på at vi har den rimeligaste medlemsavgifta av golfklubbane i området, så er vi stolte over å kunne vise fram eit slikt praktanlegg, seier Jan Erik Myklebust, leiar i Volda GK.

Kvalitetstid

Det er ikkje mange åra sidan at golf vart opplevd som ein snobbesport. Dette har no heldigvis blitt viska vekk, og fleire finn ut at å dele familietida på golfbana er tingen.

- Kvalitetstid, samstundes som ein kan «konkurrere» og ha det artig, påpeikar Myklebust. Han fortel at Volda GK vart skipa i 1998, og har i dag omlag 250 medlemmar.

- Vi har ein 9-hols golfbane, og bana er open frå frosten forlet bakken til snøen kjem. Dei ulike vanskegradene på dei ulike hola gjer golf til ein uforutsigbar sport. Noko som igjen gjer det artig å konkurrere mot seg sjølv kvar gong ein gjeng ei runde eller fleire på bana, sier leiaren i klubben. Han viser til at klubben kvar tysdag vil ha trenarar tilgjengeleg for dei som har handicap på mellom 36 og 54. Det såkalla klubbhandicapet.

Kva er så handicap i golf?

- Kort fortalt så er det eit tal som fortel kor god du er i golf. Som nybyrjar får du tildelt klubbhandicap på 54. Dess meir du trenar, og dess betre ein vert, så får ein skrive ned handicapet sitt. Å gå inn på detaljar her vil vere vanskelig å forstå for ein som ikkje har kurset «veien til golf». Men det er veldig enkelt når ein først tek til, understrekar Myklebust.

Damegruppe

Damegolf er på full fart fram, også i Volda GK. Mandagar har damene sin eigen dag på bana.

-  Etter at vi starta opp damegolfen, ser vi at gruppa blir større og større. Oppvarming, ei golfrunde og sosialt etterpå har gjort at spelarane trivst og klubben set stor pris på dette, seier leiaren. Han viser til at klubben også har eigen juniorgruppe. - Vi  har ein veksande juniorgruppe. Med fleire utdanna trenarar i klubben, ser vi at denne gruppa markerar seg både i lokale og eksterne turneringar. Dette arbeidet vil vi i Volda GK satse vidare på, seier Jan Erik Myklebust. Han fortel at klubben denne sesongen har med to lag i seniorgolfen.

- Dette er ei veldig stor gruppe (over 20 personar er med), og dei reiser rundt på banene på Sunnmøre og konkurrerar mot andre klubbar. Her spelar både damer og herrar i same konkurranse, forklarar han.

Kvifor ta til med golf?

- Her er lista lang. Golf forlengar livet med fem år seiast det. Dette forklarer ein med at ein kjem seg ut av godstolen, får vere ute i naturen, får mosjon (på ei 9 hols runde går ein omlag 6000 meter), er sosial, knyt kontakter, ein får testa konkurranseinnstinktet sitt (enten konkurrere mot seg sjølv eller mot andre), det er ein rimelig hobby og det er lagt opp slik at sjølv den flinkaste kan bli utspelt av den ferskaste, seier Jan Erik Myklebust. Han fortel at  i Volda har dei eige klubbhus der ein samlast før og etter trening og konkurranser.

-Vi har i år utdanna trenarar gjennom Norges golfforbund som vil vere med å utvikle nye spelarar. Vi har ei bane som gjer at meistringskjensla blir ivareteken, og vi har ein drivingrange (slagfelt) som er open frå tidleg morgon til seine kvelden, seier leiaren i golfklubben og viser til at dei arbeider for å få bygd tak over delar av utslagsplassane. Han fortel at klubben har ein medlemsmasse frå 6 år og opp til 85.

Inkluderande

- Vi er ein inkluderande klubb, som gjer at du alltid vil føle deg velkomen. Fleire gongar i året arrangerer vi kurs som gjer at ein kan starte med golf. Dette kurset heiter «veien til golf» og etter ferdig kurs kan du spele på alle baner i heile verda, seier Myklebust. Han fortel at i år vil oppfølginga av alle som går kurs, eller har gått kurs, bli prioritert i «golf for alle-dagen» - som er tysdagane.

- Dette gjer vi for at meistringskjensla skal vere der. Det er ofte berre ein liten detalj som skal til frå fiasko til suksess, påpeikar han. Volda GK har som nytt av året starta med bedriftsgolf. Her vil det gjennom heile sesongen pågå ein bedriftsserie der beste golfbedrifta vert kåra i september/oktober. Så om du har minimum 2 personar som spelar golf i bedrifta di, så er det berre å melde på.

Ynskjer du å prøve golf utan å først kjøpe utstyr, så har klubben utstyr til låns på drivingrangen. Dette er gratis å låne, men klubben anbefalar at ein stiller på tysdagar for å få ein viss rettleiing om korleis ein handterar utstyret.

AvMagne J. Krumsvik, MJK Media