– Årsaka til at eg trekte meg handlar kort og godt om at eg er utbrend og tom for energi. Slik har det vore ei stund. Det har resultert i at eg ikkje har vore nøgd med den jobben eg har gjort heime, på jobb og på treningsfeltet. Fotballen er det einaste som kan ofrast slik situasjonen er no. Eg håper det vert eit kortvarig avbrekk, for eg ønskjer å bruke mange år til å bidra for Ørsta-fotballen, seier Lid Kleppe til Møre-Nytt.

Assistenttrenar Cato Steinnes leier no laget, og det var han som var hovudtrenar då Ørsta torsdag tapte 4-2 på bortebane mot Emblem.

Erstatning

Det vert jobba for ei erstatning for hovudtrenar Lid Kleppe, og det er venta at ei løysing er likie rundt hjørnet.

Thomas Lid Kleppe var no inne i sin andre sesong som Ørsta-trenar.

På høgde

Sjølv om Ørsta tapte kampen mot Emblem, var Ørsta fullt på høgde med heimelaget, og Ørsta vann andreomgangen 2-0 etter mål av Mats Øvrebotten etter 72 minutt og 81 minutt. Men personlege feil gjorde at heimelaget skåra fire mål, alle i første omgang.

– Med litt meir dyktigheit kunne Ørsta ha reist heim med eitt poeng i denne kampen. For vi hadde nok sjansar til det, fortel dagleg leiar i Ørsta Fotball, Arnstein Sandvik, som var til stades under kampen.

Ørsta sin største sjanse kom ved Kristian Myklebust som hadde ei perle i stonga.

– I andre omgang klarte vi å etablere eit stort trykk på Emblem, og kom til mange halvsjansar. Dette var ein veldig positiv omgang for Ørsta. Spelarane viste svært god moral og stod løpet ut, seier Sandvik som legg til at Ørsta i første omgang vart snytt for ei klar straffe då Øvrebotten vart lagt ned i straffefeltet.

Sigurd Aarflot Sundnes og Tore Sætre Orten fekk gult kort. Ørsta ligg no på niandeplass på tabellen med seks poeng. Langevåg leiar tabellen med 18 poeng.

Neste kamp er heime mot Godøy komande torsdag på Ørsta stadion.