I vinter kvalifiserte Ørsta sitt G19-lag seg til 1. divisjon i fotball. Etter tre kampar stod juniorlaget med tre poeng, og var på jakt etter siger då dei tok turen til Skarbøvik stadion måndag. Etter 43 minutt av første omgang var det framleis mållaust mellom laga, men minutt etterpå fekk Ørsta tildelt straffespark og Skarbøvik/Hessa vart redusert til ti spelarar. Knut Erik Myklebust sette straffesparket i mål, og Ørsta gjekk til pausen med 1-0-leiing.

Fem minutt ut i 2. omgang var Myklebust igjen frampå og dobla leiinga til gjestene. Steffen Bjørke Aarseth sette inn Ørsta sitt tredje mål for dagen då det var spelt ein time. Kristian Vadstein Myklebust auka til 4-0, før Knut Erik Myklebust noterte seg to mål til og fastsette sluttresultatet til 6-0-siger for Ørsta. Dermed står juniorlaget med seks poeng på fire kampar i 1. divisjon. Neste seriekamp for Ørsta er på heimebane mot Spjelkavik komande måndag.

Cupkamp

Onsdag 4. mai er det klart for første runde i NM G19 Telenor Cup. Ørsta møter Aalesund på kunstgrasbana i Ørsta.