Etter ein god start på sesongen og tre strake sigrar var Hovdebygda ein liten favoritt då dei tok imot Vartdal på heimebane onsdag kveld. 1. omgang var jamn mellom laga, og det var langt mellom dei store sjansane.  Isak Juliebø var farleg frampå etter eit frispark frå Arthur Vartdal Midtgaard, men avslutninga gjekk utanfor. Marcus Håndlykken og Kjetil Fosse var nær skåring for heimelaget, men laga gjekk mållause til pause. Både Vartdal og Hovdebygda hadde initiativet i kampen i perioder i løpet av dei første 45 minutta, og pauseresultatet var rettferdig.

To minutt ut i 2. omgang slo Bjørnar Holen eit hjørnespark for vertane. Ballen gjekk via målvakt Terje Brandal og i mål. Etter skåringar vart det skapt halvsjansar begge vegar, men det var Hovdebygda som var mest farlege dei siste 45 minutta. Kjetil Fosse var nær skåring etter eit hjørnespark, men Brandal varta opp med ei god redning. Fem minutt før full tid var Christer Mork først på ein retur, og dobla leiinga til Hovdebygda. Vertane vann kampen 2-0, og tok sin fjerde strake siger i 5. divisjon.

Åmdal lukkast endeleg borte mot Brattvåg 2. På dei tre første kampane i årets sesongen hadde Åmdal teke eitt poeng, og stod utan mål. Borte mot Brattvåg losna det, og Åmdal vann kampen 3-1. Volda 2 og Blindheim møttest i Volda, og den kampen enda mållaust 0-0. Ellingsøy slo Herd 2 1-0 på bortebane. Åram/VanKam vann 1-0 borte mot Giske, og MSIL slo Vigra 4-3 på heimebane.