I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Det var med løparar heilt ned i toårsalderen. Flott ver og rekorddeltaking skapte svært god stemning på stemnet.

Største nokon gong

Dette er største deltaking på gateløpet på svært mange år, truleg største deltaking på gateløp i regi av Ørsta IL friidrett nokon gong.

Det var i fjor 94 påmelde, og friidrettsgruppa trudde den rekorden skulle verte vanskeleg å slå. Gruppa er svært godt nøgd med frammøtet og dei gode resultata. Størst deltaking var det i dei yngste klassane, med 33 deltakarar i alderen 6 år og yngre.

Beste tid

Dei aller yngste sprang rundt 200 meter. Aldersgruppa 7-9 år sprang ei variert løype på rundt 350 meter. 10-12 årsgruppa sprang rundt 550 meter. Sarah Moussa hadde beste tid i den løypa med 1 min 53 sek. Gruppa på 13 år og eldre sprang rundt 850 meter. Elias Hovden Nilsen hadde den beste tida der med 2 min 32 sek. Løypene var varierte med underlag av asfalt, grus og gras.

Olve Øyehaug