I fjor vart sponsoravtalen med Puma forlenga for Kristine Eikrem Engeset, og saman med Usain Bolt skal ho promotere sportsmerket. I tillegg har 27-åringen frå Ørsta inngått avtaler med pensjonssparingsfirmaet Gabler, og det danske firmaet SHFT.

– Det er eit firma som driv med løpeteknologi, og eg skal vere frontfigur for dei. M.a. har var eg med til New York Marathon der vi fronta og promoterte produktet, seier Eikrem Engeset som spring for Sportsklubben Vidar.

28. desember reiste ho saman m.a. Silje Fjørtoft til Sør-Afrika, og den siste månaden har dei vore på treningsleir.

– Det har vore heilt fantastisk. Vi har fått ny trenar i Thomaz Lewandowski, og det er veldig kjekt å bli satsa skikkeleg på att. Dei siste åra har det vore tøft å satse hundre prosent. Det har ikkje vore økonomisk støtte og ikkje det rette opplegget. No byrjar ting å falle meir på plass. Vi har ein flink trenar som er med på alle øktene, eit stort lag og det er veldig inspirerande.

Lewandowski er og trenar for dei beste polske løparane som m.a. Marcin Lewandowski som har EM-gull på 800 meter.

– Det er kjekt å vere saman med dei gode utøvarane og lære av dei. Det er lenge sidan eg har vore i toppen og eg har hatt mykje motgang. Då tek det tid å kome tilbake til høge nivået.

Innandørssesongen står no for tur, men for Eikrem Engeset vert det mest for å teste forma. I helga spring ho 3.000 meter i Göteborg, og det vert 1.500 meter på Jessheim helga etterpå.

– Vi har ikkje konkurransefart på treningane enno, men samtidig er det kjekt å få springe nokre løp og sjå korleis du ligg an.

– Kva er målsettinga i EM- og OL-sesongen?

– EM er det mest realistiske og difor det store målet. Det tek tid å kome tilbake på eit høgt nivå. Eg drøymer sjølvsagt om OL, men då må alt klaffe. Eg satsar i eit lengre perspektiv, og tenker OL i 2020 og har hårete mål. Hovudmålet er EM, og OL vil vere ein bonus om alt går veldig bra.

For 27-åringen er det 1.500 meter det vert satsa på i år.

– Det er hovuddistansen som eg konsentrerer meg om. Eg kunne ha sprunge 3.000 meter hinder der det er enklare å kvalifisere seg, men 1.500 meter er kjekkast å spring.