Rundt 200 utøvarar var i sving laurdag og søndag i Ulsteinhallen. Ørsta IL stilte med 24 påmelde i alderen 5 til 19 år. Det vart mange personlege rekordar og 16 medaljar til Ørsta IL. Allsidige Camilla Brekke Leikanger vann i øvingane 60 m, 200 m og høgde. Maria Sætre (J14) tok gull og sette pers i stavhopp med 2,20 m. Ho tok og gull i høgde med 1,40 m. Guro Øyehaug (J12) tok gull og sette ny pers i lengde med 4,34 m.

Dei fleste av del eldre utøvarane er no inne i ein hardtreningsperiode med lite teknikktrening. Det var derfor ekstra stas å sjå at veldig mange sette personlege rekordar på dette stemnet. Det var fleire resultat på høgt nivå på landsbasis.Stemnet vart godt gjennomført av arrangøren Dimna IL. Dei fleste utøvarane kom frå Sunnmøre, men det var og ein god del deltakarar frå Romsdal, Nordmøre og Sogn og Fjordane.

Olve Øyehaug