Arbeidet med den nye skatehallen, som ligg i lokala til Hovden Møbel, har gått fort. Det starta med ein ide om å bruke ein bruktbilhall og få eit skateområde på Utstillingsplassen i Ørsta. Desse planane vart forkasta då tilbodet om areal kom i Hovdebygda. Mykje dugnadsarbeid har blitt lagt ned for å kunne gje eit kvalitetstilbod til skatemiljøet, og laurdag er det klart for opning av Møre Skatehall.

– Alt er klart for skating, og no er det dei siste detaljane som står att. Vi har også planar om å bygge ut det resterande området med skateelement, men det kjem vi til å ta langs med slik at alle brukarane får kome med ønskjer og påverke korleis sluttresultatet vert, seier nestleiar Knut Steinnes i Ørsta brettklubb.

Bygginga av skatehallen har blitt delt inn i tre byggetrinn. Det første var den største rampa, det andre var ei mindre rampe og siste byggetrinn vert streetdelen av skatehallen. Etter at planane i Hovdebygda vart lagt fram har Ørsta brettklubb møtt stor velvilje og interessa for prosjektet har auka i stor grad.

– Det har eigentleg gått litt for fort, og vi har sett tidsfristar for oss sjølve som har vore litt umenneskelege med tanke på kropp og sjel, seier styremedlem Arild Elias Torgersen.

– Vi har heile vegen hatt høge ambisjonar om at dette skal verte bra, og det gir ei stor glede å halde på med dette. Alt er pro bono, og det er ingen som får betalt. Det er berre godt humør, seier styremedlem Jan Tore Myrhol.

Om alt går etter planen vert det ei original opning av skatehallen, og Ørsta brettklubb har von om at mange legg turen innom.

– Vi er veldig spent på kor mange som kjem, men vi har merka tendensar frå Ytre og Ålesund om at interessa for skatehallen er stor. Fasiten får vi helga og tida framover om kor stort trykket blir. Vi ønskjer at flest mogleg, både store og små, kjem hit, seier Myrhol.

Både nybyrjarar og profesjonelle skatarar vil finne sin plass i skatehallen.

– Vil ynskjer å ha ei kort opning slik at skatarane får kome i gang, og folk får sjå anlegget i bruk frå dag ein. Alle i styret vil vere på plass, saman med mange skatarar, og det vil vere mogleg å få prøve ut anlegget. Vi er også tilgjengelege for dei som vil ha meir informasjon, seier styremedlem Mats Riise.