Den gamle lagerbygningen mellom Kiwi-hallen og grasbana på Ørsta stadion har ikkje vore i bruk på nokre år. No tek Ørsta IL fotball på seg kostnaden med å ruste opp bygningen, og byggje fire nye toalett.

– Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er no på plass. Her kjem tre vanlege toalett og eitt som er universelt utforma. I tillegg vert eit område nytte til laget. Vi planlegg for alle og bygger eit nytt og moderne anlegg, seier leiar Paul Kristian Hovden i Ørsta IL fotball.

1,2 millionar kroner

Fotballgruppa har teke på seg prosjektet, og prislappen for prosjektet er estimert til 1,2 millionar kroner.

– I den prisen ligg moms og dette tiltaket har også rett på spelemiddlar. Difor har det vore viktig å få på plass alt papirarbeidet først i dette prosjektet. Det er mange som har sagt at dette burde kome då Kiwi-hallen vart bygt, men det er slik at fotballgruppa har ein avgrensa økonomi. Det var det som gjorde at dette ikkje kom på plass då, men no kjem det.

Lageret vert ståande, men vert bygt om innvendig. Bordkledninga skal skiftast utvendig, og lageret får seg ei skikkeleg oppgradering.

– Det vert no eit moderne bygg i ein stil som skal vare i mange år, og det kjem alle til gode og glede. Anlegget er ikkje berre fotballgruppa sitt, men dette er det mange som får nytte.

Ferdig i haust

I helga vart det gjennomført dugnad, og tømrararbeidet starta denne veka.

– Forandringane her vil skje ganske umiddelbart. Planen er at dette skal vere ferdig i løpet av hausten. Det var eit mål då vi gjekk i gang med dette prosjektet, og vi er særdeles glade for at no ser ut til å løyse seg. Det er mykje vi skulle fått til og fått på plass, men det vert å bygge stein på stein og dette vert eit flott tilskot på stadion.