Onsdag starta arbeidet med den nye kunstgrasbana på Sæbø, og tysdag sette Øyvind Taklo, Arild Aarseth og Aanon Aanonsen det første spadetaket i jorda.

– Alt er no klar. Så mykje av grunnarbeidet som mogleg vert gjort no, og resten vert gjort til våren. Bana bør vere klar i april/mai, men det kjem an på korleis våren vert, seier leiar i banenemnda Øyvind Taklo.

I 2011 kom planane om ei kunstgrasbane på bordet. Gjennom dei fire siste åra har det vorte arbeidd med å få inn pengar til prosjektet, og det har og vorte selt partsbrev.

– Vi har fått pengar med Sparebanken Møre, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Marine Harvest og Gjensidigestiftelsen gav oss 400.000 kroner. Med desse pengane så er innanfor budsjettet for kunstgrasbana. Til dømes partsbrev og skiltreklame kjem som ein bonus oppå dette, men det er spennande å sjå om det vert litt dyrare no når vi byrjar å bygge.

– Eit langt prosjekt

Holen Sand- og Grustak AS står for grunnarbeidet på Sæbø stadion. Kunstgrasbana vil verte 100x60 meter, og vil ta opp heile grusbana på stadion. For at bana skal verte stor nok vil også 30 meter av grasbana verte nytta. Den delen av grasbana som vert ståande att vil verte brukt som 7-ar- og 9-ar-bane.

– Det har vore eit langt prosjekt som vi no endeleg har drege i land. Det har teke litt for lang tid og det har vore litt att og fram, men no er vi gang. Frå vi starta med arbeidet har hovudmålet vore at vi skal eit godt anlegg med gode treningsforhold for heile klubben. I tillegg til å få lyset på att på stadion om kveldane. A-laget har stort sett trent andre stader, og vi har lyst at aktiviteten skal skje på Sæbø. No er det mykje positivt som skjer på Sæbø, og vi ynskjer at det skal vere aktivitet på anlegget gjennom heile året.

I tillegg til bygginga av kunstgrasbana så er det eit mål om å ruste opp rundt anlegget.

– Området er i ferd med å gro litt att, og vi må pusse det opp. Her har vore for mykje gammalt rusk som ligg rundt omkring, og ballbingen har vorte sliten. Der har vi fått inn midlar til nytt dekke og bingen skal rustast opp. Vi har von om at dette gir ein giv til å halde området i orden.