Trond Ryslett snakkar om tida som sjåfør i Unhjems Transport i Ørsta. Det var lange dagar, lite søvn og dårlege vegar. Det var ein eigen livsstil. Levering over natta med seine avgangar frå Oslo kravde sin mann, med telehiv og grusvegar. Lasting og lossing skjedde stort sett for hand. Det var tungt arbeid når 20 tonn frukt skulle lempast av med handmakt etter å ha blitt lempa på bilen berre nokre timar før.

Bak rattet: Trond Ryslett på plass igjen, der han var då han som 22 åring fekk jobb som sjåfør hos Unhjems Transport.

– Men det var kjekt. Veldig kjekt. Det var eit statusyrke også. Vi fekk sjå og oppleve ting andre ikkje fekk. Vi såg verda.

Han får medhald frå sine tidlegare arbeidskollegaer. Fleire møtte opp tysdag då Ryslett inviterte til eit lite treff for å mimre og for å ta Ryslett sitt store prosjekt i nærare augesyn. Han har nemleg restaurert ein gamal Unhjem-lastebil.

Den gamle gjengen samla: F.v. Bjørn Holsvik, Svein Seljelund, Johan Vatne, Bjørn Seterbakken, Kjell Warhuus, Per Olav Glimsdal, Tor Brenne, Trygve Ørstavik, Elling Henøen, Per Mårstøl, Ole Bratteberg og Trond Ryslett.

Ryslett var 22 år då han fekk jobb med sjefen sjølv, Kåre Unhjem. Ein mann som leia firmaet med stødig hand. Han aksepterte fem timar med søvn, om det passa inn. Stod sjåførane i Oslo med tom bil, visste han råd. Då var det å sende dei til møbelfabrikkar, gartnarhallar, frukthandlarar og potetforhandlarar. Og så med oppmodinga: «Last for all del ikkje for tungt, og køyr ikkje for fort, og så må du vere på Gartnerhallen i Ørsta i morgon tidleg klokka 08.00.»

Det var berre å stå på.

– Han var ein ryddig mann å jobbe for. Han betalte oss godt også.

Blikkfang: Bake i bilen har Trond Ryslett sett inn ei campingvogn for meir komfortabel overnatting enn på sengebrisken i førarhuset. Turane har vorte mange dei siste par åra etter at bilen var sett i stand.

Ryslett byrja i jobben i 1977, og vart plassert bak rattet på ein Scania LBS 110 Super med 275 hk frå 1973.

– «Luksusvogna» vart bilen kalla. Dette var det argaste du kunne køyre på den tida.

Piken i front: Detaljane er på plass, slik dei skal vere, på Trond Ryslett sin gamle Scania LBS 110 Super frå 1973.

Og nokre gonger kan tilfeldigheitene spele folk eit puss. For bak ein steinhaug i Austefjorden stod det i fleire år ein gamal lastebil til forfalls. Trond Ryslett visste om han. Tenkte på han nokre gonger, og tok til slutt turen bort og sjekka chassis-nummeret. Det var «hans» bil. Den han køyrde rundt i på 70-talet, i Noreg og i Europa, no nedsarva bak ein steinhaug.

Detaljar: Trond Ryslett har teke vare på «lommebøkene» som alltid låg klare i bilen, med småmynt til dei ulike landa han var innom.

– Det var vel meir som flaks. Tidleg på 2000-talet då stålprisane skaut i vêret, vart alt av slike bilar høgde opp. Men denne fekk dei ikkje fram på grunn av steinhaugen i front.

Og dermed starta eit stort prosjekt for Ryslett. Han har restaurert heile lastebilen tilbake til opphavleg stand, med nokre få moderniseringar – som solcellepanel på taket.

Gamle minne: Bake i bilen heng det gamle bilde og gamle skilt frå bilen sine tidlegare dagar.

–Det tok meg tre månader å forstå at dette var eit langt større og dyrare arbeid enn eg hadde sett føre meg. Men når eg først hadde starta, så ville eg gjennomføre. Det tok to år.

Delar frå fire bilar måtte til for å få bilen tipp topp. Og bake i lasterommet har han sett inn ei campingvogn for komforten sin del når han og kona er på tur. For turar har det vorte. I fjor køyrde han 10.000 km, og året før 12.000 km. Bilen kan framleis bere namnet «luksusvogna» med æra i behald.

Mange minne: Mykje å prate om frå tida i Unhjems Transport. F.v. Per Olav Glimsdal som var disponent ei tid, og sjåførane Kjell Warhuus og Bjørn Seterbakken.

Det er ikkje få historier dei har i ermet, dei tidlegare kollegaene i Unhjems. Frå då den første paprikaen kom til Ørsta i 1969 – med reaksjonen «Fy og fy» frå tilsette på Gartnerhallen, til då Trygve Ørstavik, ein habil turnar, lurte resepsjonen på eit pensjonat i Oslo trill rundt ved å klatre ned eit stillas frå rommet sitt fire gonger.

Latteren sit laust.

Lenge sidan sist: Kjell Warhuus og Trygve Ørstavik.

– Det var eit godt kameratskap. Også med sjåførar i andre selskap. Vi var samanspleisa, og hjelpte kvarandre, fortel Bjørn Seterbakken.

– Og når vi leverte møblar til ulike butikkar i Oslo, var det berre å lempe leveransen frå seg på fortauskanten i dei tidlege morgontimar. Ingenting vart stelt. Det hadde aldri gått i dag!

Dei kunne ha så mykje som tre turar i veka til Oslo. Kvile- og køyretid var mest som eit framandord.

– Jobben forbrukte mykje folk. Det var tungt arbeid. Men du lengta etter dette livet når du gløymde slitet. Du vart rastlaus i kroppen. Det var ein alle tiders jobb, seier gjengen frå Unhjems Transport.

Og for Ryslett kan livet som langtransportsjåfør halde fram, i litt meir komfortable former, i ein Scania LBS 110 Super med 275 hk frå 1973 – med campingvogn i lasterommet.

Om Unhjems Transport

Unhjems Transport i Ørsta var i drift frå 1932 til 1990.

Møbeltransport: Dagleg leiar Kåre Unhjem t.h., i 1988. Foto: Møre-Nytt

Det starta med ein Ford og lokal transport, og utvikla seg vidare med langtransport etter krigen, frå om lag 1947. Hovudoppdraget då var transport av kasein (mjølkeprotein) frå meieriet i Ørsta, Volda og Hellesylt, til meieriet på Tretten. Returen var ofte trelast til møbelindustrien og byggefirma. Sidan vart det meir og meir møbelkøyring frå Ørsta og Ekornes. Returen frå Oslo var frukt til Gartnerhallen i Ørsta, margarin til Svendsen i Volda, vekeblad frå Bladsentralen, sjokolade frå Freia til Ålesund, og andre varer til svært mange lokale kundar. Sidan vart det også transport av komfyrar frå Grepa, høgtalarar frå Wellex-fabrikken, fisketransport m.m. nedover kontinentet.

Utanfor Wellex-fabrikken - som lagde høgtalarar, i 1976. I dag er her meieri. Høgtalarane køyrde Unhjems Transport m.a. til Paris. Foto: Møre-Nytt

Unhjems Transport AS vart kjøpt opp av Ørstaterminalen sommaren 1989 og seld vidare til Waagan Transport hausten same år. Måndag 24. september 1990 fusjonerte firmaet med Waagan.