(Sunnmørsposten):– Pip-pip. Eit varselur heime hos Anita Stokke Blomvik i Ørsta seier frå om at søtpotetene i omnen er ferdige. På kjøkkenbenken ventar ein eltefri brøddeig på tur. Etter å ha stått og godgjort seg natta over, skal den snart bli til eit langpannebrød. Begge skal seinare få sole seg med bilde og oppskrift på nettet – brødet på eiga hand, søtpotetene saman med grillmat av eit kvart slag.

Blomvik har drive matbloggen Kvardagsmat sidan 2013. Kvar veke og med nynorsk som målform, deler ho eit nytt forslag til meny for dei neste sju dagane på bloggen, eit forslag som rommar oppskrifter på middagar, heimelaga godteri, brødmat og ei kake. I tillegg blir det to eller tre postar til, alt ettersom.

Om blogging – og eit kjøkken

Sjølv om heimen er base for ein blogg som har rundt 2.000 lesarar dagleg og vidare 52.000 følgjarar på Facebook og 27.000 på Instagram, er ikkje kjøkkenet til matbloggaren av det veldig avanserte slaget. Rett nok har ho ein god del danderingsstæsj på rommet der ho tar storparten av matbilda sine, likevel snakkar vi ein steikomn, heilt vanleg mengde med maskiner som gjer matlaginga enklare, og lego på halve kjøkkenbordet.

– Bursdagsgåva til han på sju, seier Blomvik forklarande om klossane. Ho og mannen har to gutar, får vi vite.

Bokprosjekt i tillegg til

Det er blogginga som har resultert i at 34-åringen snart kan kalle seg forfattar.

Boka med same namn som bloggen – Kvardagsmat, skal etter planen vere på marknaden 31. august.

– Redaktøren i forlaget Skald tok kontakt hausten 2016 og spurte om eg kunne tenke meg

å gje ut mi eiga kokebok. «Men kor tid skal eg skrive? Om natta?» undra eg, fortel Blomvik. Ho bloggar ved sidan av selgarjobb hos bedrifta Vik Ørsta, og med to barn i skulealderen å følgje opp og ein mann som arbeider turnus på plattform, såg ho ikkje korleis ho skulle få tid.

Og apropos jobb. Vik Ørsta sel både autovern og lysmaster. Blomvik arbeider ved salsavdelinga til sistnemnde, og der var det på toppen av alt anna også høgsesong. Høgsesong for lysmaster er det nesten heile året, veit vi no. Unntaket er nokre få månader om vinteren når det er tele i jorda, og skal ein ha moglegheit og overskot til å skvise inn slike ting som bokskriving i tillegg til alt anna, må det nesten skje då.

Og det er det Blomvik har gjort. Ho har skvisa inn skrivinga. Innimellom alt anna og meir intensivt når ikkje «heile Norge» er på og skal ha lysmast.

– Ein periode no har eg også valt å trappe ned jobben ved Vik Ørsta til 80 prosent. Slik har eg tysdag kvar veke til å skrive, det vere seg på boka eller på tekstane til bloggen, seier Blomvik. Rettane som dukkar opp i Kvardagsmat lagar ho andre dagar. Mat familien stort sett gjer seg nytte av sjølve.

Sjølvlært: Anita Stokke Blomvik har inga formell utdanning som kokk. Alt ho kan om matlaging har ho lært på eiga hand. Foto: Line Helgesen, Sunnmørsposten

Boka ho ønskjer at ho sjølv fann

Vel fire månader før boka skal ut, er bloggaren i innspurten. Så langt komen at ho veit kva som er med og ikkje.

– Dette blir kokeboka eg skulle ønskje at eg fann, då eg i si tid gjekk i gang på kjøkkenet. Skildringane i den er enkle nok til at resultatet kan bli bra alt frå første gongen. Kjempeviktig, seier Blomvik.

Ho er sjølvlært når det kjem til matlaging.

– Eg trur noko av grunnen til at folk handlar ferdigmat som aldri før, er at mange kokebøker er for avanserte. At dei i staden for å inspirere gjer ein del redde for å prøve. Men med litt hjelp kan alle lage mat, difor denne boka.

Ein annan grunn til at folk tyr til ferdigmat, er tidsklemma. Og noko av det som har fått plass i boka er nettopp tips og oppskrifter som gjer dagar der alle skal på trening, enklare.

– Det skal ikkje mykje planlegging til, og ikkje mykje tid heller, før kan du servere heimelaga mat også desse dagane. På 30 minutt kan ein lage det meste så sant ein har handla. Og handle bør ein unngå rett etter jobb, då kjem ein jo i tidsnaud berre der, seier Blomvik.

Sjølv har ho ein slik tidsklemmedag då vi er der, med intervju etterfølgt av to foreldresamtalar, symjing og eigentleg også fotball, men den har dei valt å droppe.

– Så kva serverer du til middag?

– Brennsnut. Det er restar frå i går. Og der er eit av hjartebarna mine: Restemat.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.