- Borna har fått lære korleis det blir kylling i egget; om nytt liv som blir til gjennom befruktning, fortel Ellinor Sætre, styrar i Dalane barnehage. - Den omsorga som borna har hatt for kyllingane både før og etter klekkinga, trur vi er med på å skape grunnlag for omsorg, empati, generelt.

- Vi fekk låne ei rugemaskin, og borna fekk legge egga på plass. Brune egg og turkise egg. Rugemaskina har stått inne på kontoret mitt, og borna har vore innom dagleg for å fylgje med på utviklinga. Dei har lært at egga må snuast for at kyllingane skal utvikle seg, fortel styraren.

Rugekasse: Kjem dei snart ut av egga? Maren Gotten Follestad og Adrian Blomvik Stokke. Foto Ingebjørg Røyrhus Øyehaug Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Snuinga sytte maskina for, men dei kunne ikkje stole 100 prosent på ho. Difor hadde dei merka egga med eit kryss på den eine sida, og ein runding på hi, og så sjekka borna på datoskjemaet for rugeperioden om det skulle vere runding eller kryss som var oppe.

-Borna har teke oppgåva alvorleg. Var det rett temperatur inne i rugemaskina? Var det rett mengd vatn i skåla i maskina slik at fuktigheita der vart rett? Ein desiliter, eller ein og ein halv med vatn? Slike spørsmål, som har med matematikk å gjere, måtte borna finne svar på.

Var der kylling i egga? - Dei første dagane av rugeperioden lyste vi kvart egg, for å sjå om der var noko på gang. Ungane rapporterte at dei såg eit mørkt felt, og etter kvart såg dei at feltet vart større, fortel førskulelærar Marianne Årvik Skjåstad. Borna undra seg saman:

- Å, Marianne, det mørke er så stort i det egget der! Eg trur der må vere to kyllingar! Eg trur det er tvillingar, Marianne!

Spenning: Store ting er på gang. William Boska Dalene følgjer spent med. Foto Ingebjørg Røyrhus Øyehaug Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Stor spaning

Alle i barnehagen var med på å telje ned dei 21 dagane til kyllingane skulle begynne å kome ut. Spaninga var stor, spørsmåla og samtalane mange. Dei teikna og måla høner og kyllingar, og dei laga mjuke, gule trådkyllingar til påskepynt i vindauga. Dei hadde tekstskaping, og dikta kyllinghistorier saman i grupper:

«Kyllingen sprakk ut av egget, såg hønemora og vart glad. Hønemora la enda eit egg og fekk ein kylling til. Der var ein hanefar som bestemte at høna skulle legge fleire egg. Pappaen kunne bestemme over fleire kyllingar...»

Nærkontakt: Aron Grøtterød og Håkon Akslen får nærkontakt med ekte påskekyllingar. Foto Ingebjørg Røyrhus Øyehaug Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Då borna kom i barnehagen att etter helga, på den 21. dagen, vart det andektig glede: seks brun-svarte-kvite levande nyste og eitt gult var komne!

- Dei er så søte, og lagar så fine pip. Kvifor er ein av dei gul? Kva har dei hatt til mat der inne? Og så små dei er! Så rart at dei har fått plass inne i dei små egga likevel?

Men i eitt av egga var der ein kylling som tok seg nervepirrande god tid med å kome seg ut. Kyllingen hadde hakka hol i egget, og dei såg eit trekanta nebb der inne. Borna undra seg: -Kva er det med han der? - Nei, sjå! No går ein kylling bort og hakkar på egget hans! - Han vil berre hjelpe han der inne ut!, føreslo ein optimistisk tilskodar. - Nei, kanskje han er svolten og vil ete opp maten som er att inne i egget når han der kjem seg ut!, føreslo ein annan.

Sansestimulering

Så fekk dei vere med på å flytte kyllingane frå rugemaskina og over i ei ny kasse som skulle plasserast i eit rom med rett temperatur for nye kyllingar. Ein av gutane hadde med seg høy som han la i botnen på kassa, og så fekk borna løfte ein og ein kylling over dit. Forsiktig, spente og utan ord forma dei nevane som ei skål slik at transporten skulle gå trygt og varsamt for seg. Dei andre borna fekk tilbod om å ta opp ein kylling, halde han, kjenne på det mjuke og varme vesle levande vesenet.

- Det er også mykje fin sansestimulering i dette å halde dei små kyllingane, særleg for dei yngste borna: lukter, det varme, det kalde og det mjuke, seier Ellinor.

Påske: Ingenting å seie på påskestemninga i dalane Barnehage. Foto Ingebjørg Røyrhus Øyehaug Foto: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Av 25 egg som vart lagde til ruging, vart det ti kyllingar, men berre ein av dei var frå eit brunt egg. Ungane undra seg og var urolege over dette. Kva var i vegen med dei hine brune? Og kva var gale med tre av dei turkise som var utan liv i seg?

- Eg tok med meg egga heim i helga, og fann svaret. Berre det eine egget av dei brune var befrukta. I dei tre turkise, var kyllingane utvikla, men av ein eller annan grunn var dei ikkje liv laga, fortel Ellinor. - Når borna får vite dette, blir det nok mange nye spørsmål, ny undring og kime til vidare forskning og ny læring.

Kyllingane skal vere i barnehagen til påske. Då tek Ellinor Sætre dei med seg heim til garden sin på Liadal. Men først skal kyllingane ringmerkast og få namn. - Det skal borna vere med på. Og etterkvart, når hønene begynner å legge egg, skal borna kome på besøk og hente egg til eggeomelett eller vaflar i barnehagen, og så skal vi finne ut kor mange høner og kor mange hanar det vart.