No er vi berre tre av rundt 20 personar i koret som er med i Ørsta Lionsklubb. Vi vil gjerne ha med fleire songarar, og difor skiftar vi namn slik at fleire kan vurdere å verte med. Det er nok mange som trur at vi rekrutterer berre frå Lionsklubben, men det stemmer ikkje. Alle menn som kan synge og har lyst til å vere med er velkomne.

Per Olav Leira, talsmann, konferansier og konsertleiar for koret, fortel at medlemene dei siste par åra har diskutert ei namneendring for å få med fleire. Mange namn har vore lanserte, men no har dei «landa» på Ørsta Mannskor.

– Ein av kormedlemene, Olav Leira (80), var med i Ørsta Mannskor seint på 50-talet, og vi syntest det ville vere fint å få nytt liv i dette namnet. Difor fall det endelege namnevalet på Ørsta Mannskor.

Lionskoret vart starta i 1994 og det var Per Ragnvald Langlo som drog det i gang. Då skulle Lionsklubben arrangere eit stort distriktsmøte i Ørsta, og dei hadde behov for underhaldning. Berre sju melde seg i starten, men underhaldning vart det. To-stemt song den første tida. Øvingane vart haldne på Møre Folkehøgskule, og Arne Hestholm var koret sin første dirigent.

Seinare kom fleire songarar til. Repertoaret vart utvida, og både tre- og firestemt song kom på plass.

Underheld på institusjonane i Ørsta

Heile tida har koret sitt fremste mål vore å underhalde på institusjonane rundt om i Ørsta, utan vederlag.

– Det er kjekt med eit takksamt publikum, slik det er på alders- og sjukeheimane. Vi har som mål å vere best på å synge julesongar. Difor øver vi spesielt på desse før julehøgtida, slik at vi er godt førebudde når vi vitjar dei eldre. Ofte kjem også pårørande til desse kveldane. Songen lyser litt opp i kvardagen, og bidreg til litt liv og røre for alle. For oss som syng gir det inspirasjon og glede. Det er dette vi øver for, og slike bidrag skal vi halde fram med, seier Per Olav.

Børge Hauge, busett i Volda, dirigerer koret i dag. Repertoaret blir heile tida utvida, og dei to siste åra har koret halde konsertar der dei tek inngangsbillettar.

– Både dirigent og øvingslokale kostar nokre kroner, og vi såg at, uansett kor ideelle vi vil vere, vi er nøydde til å få litt inntekter for å drive koret vidare. Det er ikkje mange reine mannskor i Ørsta, og vi vil gjerne få med fleire som likar å synge og som vil verte ein del av det gode kameratskapet vi har her. Då vil vi kunne halde konsertar for eit breiare publikum, slik vi har gjort eit par gonger alt. Leira-løda var til dømes fylt til randa på ein konsert i fjor.

Mangfaldig repertoar

I tillegg til å ha som mål å vere best på julesongar, syng Ørsta Mannskor gjerne Bellmann. «Fredmanns epistler» og «Fredmanns sångar» er populære både i koret og hos publikum. Fleire gode krefter i koret deklamerer også dikt. Harald Åmbø framfører lyrikk av Jakob Sande, Ottar Løvoll bidreg med eigne dikt, og Olav Leira stiller gjerne med dikt av Ivar Aasen. Slike framføringar set ein ekstra spiss på konsertane.

Øving kvar måndag på Kunsthuset

Kvar måndag øver dei på Kunsthuset i Ørsta sentrum. Her held bileta til kunstnaren Olav Strømme oppsyn med dei, og akustikken er upåklageleg.

– Vi øver 2–3 timar, og så har vi øvingshelg på Eid kvart år, med dertil høyrande gratiskonsert på aldersheimen der. Vi har det knakande kjekt både på øvingane og når vi opptrer, forsikrar Per Olav Leira.

Leiar i Ørsta Mannskor i 2018 er Roar Liaskar, kasserar Elling Rem, og styremedlemer Børre Davidsen, Harald Åmbø og Per Olav Leira.

Ørsta mannskor i 1958: Fremst sit f.v. Jørgen Jørgensen, Arthur Ose, Karl Alme (dirigent), Ole Furseth, Olav Leira og Håkon J. Mo. I 2. rekkja står f.v. Eystein Ose, Martin Myklebust, Ivar S. Sætre, Jon Brautaset, Einar Leira, Jostein Skare og Peder Rebbestad. I 3. og 4. rekkje ser vi f.v. Ingolf Hjellen, Johan Engeseth (framom), Berg Myklebust, Ivar Leidulf Bjørdal, Håkon Bratteberg, Hans S. Ose, Hans Hovdenakk, Odd Øye, Peder Velle, Jon Breivik, Knut Midtsæther (i midten bakom), Erling Saure (framom), Henry Solheim, Trygve Langberg, Jostein Mårstøl (framom), Knut Eidum og Ola Eidheim. Foto: Ukjend, henta frå Ørsta-album 5